13. ETG: Århundrets julekalender: Velkommen til år 2010

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen
Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Me opnar dagens luke i Juleheisen. I denne etasjen finn me eit heilt nytt tiår!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva skjedde i 2010?

2010 var året då me vart kjende med instrumentet vuvuzela under fotball-VM i Sør-Afrika. Me vart kjent med ordet oskefast, då eit utbrot frå det Islandske fjellet Eyjafjallajökull påverka flytrafikken i heile Europa. I tillegg var monstermastene i Hardanger på alles lepper.

Internasjonalt var det jordskjelvet på Haiti, Wikileaks sine avsløringar om krigen i Afghanistan og ei ulykke som førte til at 780 millionar liter olje lak ut i Mexicogulfen som rysta verda.

Har du ikkje fått med deg dei førre etasjane i juleheisen? Her finn du tidlegare kalenderetasjar!

Dette lytta me til

Madcon var i fyr og flamme og fekk heile Noreg til å dansa til låta Glow.

Låten, som først vart framført under Eurovision-finalen i Oslo, fekk Spellemannsprisen for Årets hit og gjorde det skarpt også i utlandet:

Dette såg me på kino

Med 544.807 besøkande vart James Cameron sitt storverk Avatar den mest sette kinofilmen i Noreg i 2010.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Filmen, som kom ut i 2009 gjorde stor suksess både blandt kritikarar og publikum. Filmen spelte inn 2,78 milliarder dollar og hadde rekorden som mest innbringande film heilt fram til i sommaren 2019, då han vart slått av Avengers: Endgame.

Dette sa me

Oskefast vart kåra til årets ord av Språkrådet.

Inception: Ordet er henta frå storfilmen til Christopher Nolan og betyr det å planta ein idé i hovudet på nokon. Du hugsar kanskje denne?

Dette gjekk me med

Fargerike og mønstrete strømpebukser, gjerne under korte shorts.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto: Please and Tease Lingerie og Malka Chic
Foto: Please and Tease Lingerie og Malka Chic

Dingsen alle ville ha

Det finske spelet Angry Birds tok verda med storm og vart den mest selde iPhone-appen i 2010. Me fekk rett og slett ikkje nok av raude fuglar og grøne grisar.

Dette lo me av

«Sad Keanu»: Etter at ein papparazzi-fotograf tok dette biletet av skodespelar Keanu Reeves som et ein sandwich åleine på ein benk vart internett kreative.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Skodespelar Keanu Reeves som sit på ein benk vart eit nda Photoshop-objekt. Foto: Ron Asadorian/Splash News
Skodespelar Keanu Reeves som sit på ein benk vart eit nda Photoshop-objekt. Foto: Ron Asadorian/Splash News

Nye versjonar dukka opp i forum som 4chan og Reddit og folk elska det. Det er berre å Google Sad Kenau å gle seg over kreativiteten:

Keanu sjølv har omfamna imaget og i 2011 gav han ut den illustrerte diktboka Ode to happiness , som kan bestillast på Amazon.com for den nette sum av 760 amerikanske dollar.

Framleis ikkje fan? Her er tolv grunnar du ikkje treng for å digga Keanu Reeves

2010 var eit morosamt år, som også gav oss virale hits som Bed intruder song, som var den mest sette Youtube-videoen det året:

Og så var det ekstasen til Paul «Bear» Vasquez over Double Rainbow:

Dette snakka me om

T.v. Lady Gaga skapte motehistorie då ho tok imot sin Video Music Awards iført den legendariske kjøtkjolen. Kjolen er bevart for ettertida på museum. Foto: AP Photo/Matt Sayles, file) Foto: Matt Sayles / AP
T.v. Lady Gaga skapte motehistorie då ho tok imot sin Video Music Awards iført den legendariske kjøtkjolen. Kjolen er bevart for ettertida på museum. Foto: AP Photo/Matt Sayles, file) Foto: Matt Sayles / AP

Kjøttkjolen til Lady Gaga

Lady Gaga dukka opp på Video Music Awards i kjole og sko laga av rått kjøt, noko som ikkje fall i god jord blant dyrevernarar.

T.v. Lady Gaga iført den legendariske kjøtkjolen. T.h. Kjolen vert utstilt i Rock and Roll Hall of Fame and Museum i Cleveland. Foto: AP Chris Pizzello/Amy Sancetta

Artikkelen fortsetter under annonsen

Time Magazin kåra antrekket til årets fashion statement og kjolen signert Franc Fernandez er no behandla av ein taksidermist og utstilt for ettertida.

Kronprinsesse Victoria i kjole frå Pär Engsheden og prins Daniel i det offisielle biletet frå det svenske kongehuset. Foto: Kungahuset
Kronprinsesse Victoria i kjole frå Pär Engsheden og prins Daniel i det offisielle biletet frå det svenske kongehuset. Foto: Kungahuset

Victoria av Sverige giftar seg

Ingenting set verda på hovudet som ein prinsessebryllaup. Laurdag 19. juni 2010 gav ho Daniel Westling sitt ja og alle hjarter gledde seg.

Lost-finalen

I seks år hadde me sitte klistra til tv-skjermane kvar veke for siste episode av Lost. I likskap med stoda på øya, så datt nokon av undervegs, men endeleg skulle det avslørast: Kva var greia med den mystiske øya dei hadde hamna på?

Finalen, som ganske enkelt hadde tittelen The End, vart sett av 13,5 millionar amerikanarar. Mange var skuffa og i ettertid har han vorte omtalt som den verste avsluttinga av ein tv-serie nokosinne, men det var før Game of Thrones.