9. ETG: Århundrets julekalender: Velkomen til år 2006

Illustrasjon
Illustrasjon Foto: Linn Isabel Eilesen / L-innsikt
Artikkelen fortsetter under annonsen

Me opnar dagens luke i Juleheisen og kikkar inn i 9. etasje, i år 2006.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva skjedde i 2006?

I 2006 vart karikaturteikninga av Muhammed vart trykka i Jyllands-Posten, og i fleire norske medium. Nord-Korea testa atomvåpen for fyrste gong, Pluto var ikkje lenger ein planet, den første Twitter-meldinga vart sendt, Google kjøpte YouTube for 1,6 milliardar dollar, Facebook opna for alle i verda og alle ville læra seg Evolution of dance.

I Noreg tok Siv Jensen tek over for Carl I. Hagen som leiar av Frp, Gitarkameratene herja alle radiostasjonane og alle var livredde for å få fugleinfluensa, men så fekk me e.coli i staden.

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var, believe it or not: Respekt for GrandiosaLars Kilevold og D’Lay.

Dette såg me på kino

Istid 2 hadde 889 168 kinobesøkande og var dimed den mest sette kino-filmen i Noreg.

På andre- og tredjeplass var Pirates of the Caribbean – Dead Man’s Chest og Casino Royale.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette sa me

Årets ord: Vlogger.
Årets slanguttrykk: Sick! (som i «sjukt»).

Dette hadde me på oss

What are those?!

Det er crocs, min venn. Og alle gjekk med det.


Dette lo me av

LOLcats

Kattar på internett var ikkje nytt, men det var no det verkeleg slo ned og aldri kunne gløymast igjen. Sida LOLcats.com vart publisert, me fekk Caturday , kattar som ser ut som Hitler , Grumpy cat og sjølvsagt verdas beste språk basert på «I Can Has Cheezburger?», med ein eigen oversetjar.

Dette snakka me om

1. Borat

Sacha Baron Cohen kom frå intet og tok verda med storm med filmen «Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var ein mockumentary, ein tulledokumentar, om ein journalist som reiser til USA. I store delar av filmen er det med ekte samtalar med amerikanarar som ikkje anar kva dei er med på.

Filmen vart teken godt imot og tente 262 millionar dollar, og fekk fleire Oscar-nominasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Cohen vann sjølv ein Oscar i kategorien Beste skodespelar i ein komedie eller musikal. Og så fekk den alle til å kjøpa grøn mankini.


2. Zinedine Zidane sin «headbutt»

Det var verdscupfinale i Tyskland. 69.000 følgjer med frå tribunane, og omlag 600 millionar sjåarar er på eit eller anna tidspunkt inne og ser på TV-sendinga.

På bana står finalen mellom Frankrike og Italia. Frankrike med den 34 år gamle kapteinen Zinedine Zidane, ein av verdas beste fotballspelarar, som har leia dei til siger i 2002 og 2004. No er han klar til å slutta på topp og spela sin siste kamp som proff-spelar.

Berre sju minutt etter startfløyta går, scorar han og stillinga stå 1-0. Men før første omgang er over, har italienske Marco Materazzi utlikna til 1-1. Når 90 minutt er ferdigspelt, går det mot straffekonkurranse.

Materazzi slenger med leppa og Zidane snur seg brått. På overtid, i det 117. minuttet i kampen, går fotball-legenden forbanna mot Materazzi og skallar til brystet på den italienske motstandaren. Både fotball- og TV-historie vart skapt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Zidane fekk raudt kort, vart utvist frå resten av sin siste kamp, og Italia vann på straffekonkurranse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ryktene gjekk lenge om kva som Materazzi hadde sagt som fekk Zidane til å reagera sånn. Zidane fortalde at det var noko stygt om mor hans, og ryktene sa at italienaren hadde kalla ho ei hore og ein terrorist.

Ti år seinare sa Materazzi at mor hans døydde då han sjølv var 15 år og at han aldri ville sagt noko slikt om mor til Zidane. Han seier istaden at han snakka om søstera til Zidane.

3. Disney Channel

Dette var året Disney Channel verkeleg tok ungdomen med storm. Første sesong av Hannah Montana med Miley Cyrus i hovudrolla og den første av High School Musical-filmane gjekk på TV-skjermane dette året.

Elleve år gamal gjekk Cyrus på audition for å vera med i den nye Disney-serien. Ho fekk hovudrolla, og resten er vel historie, som dei seier.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Serien vart ein av dei mest populæra på Disney Channel og no er ho ei av verdas mest kjende popsongarar. Heilt frå starten song ho sjølv og ga ut plater i samband med serien. I 2009 ga ho ut The Climb, som også vart hennar første hit på Billboard-lista. Også resten av soundtracket til filmen om Hannah Montana gjorde det godt, og ho vart som 16-åring den yngste i historien til å ha fire nr.1-album på Billboard.

Også filmen High School Musical har gitt oss kjende (og kjære?) artistar. Zac Efron og Vanessa Hudges hadde hovudrollene og har seinare blitt store namn i skodespelarverda.

Slikt gull kan ikkje berre liggje på ei hylle og støve vekk, så Disney har difor lansert si eiga strøymeteneste Disney+. Den kjem til Noreg til neste år, og Disney har som mål å kapre mellom 60 og 90 millionar sjåarar. Då trengst både Hannah Montana og Captain Marvel!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Her kan du se resten av julekalenderen til Framtida.no:

8. desember: 8. ETG: Årtusenets julekalender: Musikkquiz frå 2000-talet

7. desember: 7. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2005

6. desember: 6. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2004

5. desember: 5. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2003

4. desember: 4. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2002

3. desember: 3. ETG: Me opnar luke 3 i Juleheisen og kikkar inn i 3. etasje, i år 2001.

2. desember: 2. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2000

1. desember: Velkommen til årtusenets julekalender – eller juleheisen, som det heiter