Gunnar Skirbekk: – Vinje er hyperaktuell

Ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje har fascinert i over 150 år.
Ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje har fascinert i over 150 år. Foto: Npk / NPK
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det seier professor i filosofi Gunnar Skirbekk. I dag er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blant folk flest er 200-årsjubilanten Aasmund Olavsson Vinje mest kjend for sentimentale dikt som Leitande etter Blåmann , og lødig journalistikk som i Grauten på Grut og Ferdaminne.

Gunnar Skirbekk tek til orde for å visa andre sider av diktaren, juristen og journalisten Vinje, og meiner Vinje er underkjend som filosofisk essayist.

– Det er alt for mange litteratar som har skrive om Vinje, seier Skirbekk.

Han er ein av Noregs mest kjende fagfilosofar, og har vore professor i filosofi ved Universitetet i Bergen i ei årrekkje.

– Det går ei linje frå Holberg via Vinje til Skjervheim og Jon Hellesnes, held han fram.

Dagsaktuell

Skirbekk meiner Vinje-boka frå 1863, A Norseman’s Views of Britain and the British, går rett inn i dagsaktuelle diskusjonar om forholdet mellom globalisert kapitalisme og statlege institusjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Boka blei til etter at Vinje reiste til Storbritannia og var der frå sommaren 1862 til 1863. Han vitja først verdsutstillinga i London, før reisa gjekk vidare til Edinburgh, der han oppheldt seg størsteparten av tida.

Gunnar Skirbekk er professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Foto: Hilde K. Kvalvaag, UiB

I boka går Vinje inn på forholdet mellom stat og marknad, og kritiserer penge- og adelsmakta som han finn i Storbritannia. Vinje bruker samanlikning som metode, og viser mellom anna til at England manglar liknande institusjonar som den norske odelsretten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skirbekk peikar på at Vinje har embetseksamen – i motsetning til dei fleste norske diktarane på 1800-talet.

Treffsikker og motstraums

I tillegg til denne boka er det også ein annan tekst av Vinje som Skirbekk meiner er påfallande – ein nekrolog over Anton Martin Schweigaard på 70 sider publisert i Dølen våren 1870.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her rosar Vinje ein av dei viktigaste politikarane på midten av 1800-talet som ein praktikar, men kritiserer han for å vera ufilosofisk og antifilosofisk.

– Igjen er Vinje treffsikker, og mot-straums. Igjen framstår Vinje som skarpsynt og framsynt, seier Skirbekk til Framtida.no.

På Dei nynorske festspela i juni møter han Ottar Grepstad og Marit Eikemo til samtale om essayisten Vinje.

LES OGSÅ: 200 år med Vinje – slik blir jubileumsåret

6. april er det 200 år sidan Vinje vart fødd. Foto: Trondheim byarkiv/Wikimedia Commons

Fekk reaksjonar

Vinje hadde ein sjeldan uttrykksevne, og var ein mykje brukt folketalar. Han tala og skreiv på ein måte som mange kunne misunna han, men som òg fleire vart støytte av.

I ei melding av Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljing Arne (1859) lét Vinje som om han trudde bondeforteljinga var meint som ein parodi på bondelivet og idylliske romanar, stikk i strid med Bjørnson sin intensjon. Og etter å ha kritisert riksstyret og utanrikspolitikken til den svensk-norske unionen mista han jobben som kopist i Justisdepartementet i 1868.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Saman med dei første venene sine i Kristiania, Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen, gav han ei tid ut det satiriske bladet Andhrimner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

QUIZ: Test Vinje-kunnskapane dine her!

Nyskapande

Sjølv om han var utdanna jurist og arbeidde som overrettssakførar ei lita stund, var det som journalist og redaktør Vinje hadde kallet sitt. Han skreiv mellom anna for Morgenbladet, Drammens Tidende og si eiga vekeavis Dølen. Vinje var, ifølgje Bokselskap, kritisk og drøftande og meinte at journalisten si oppgåve var å rettleia og opplysa lesaren utan sjølv å velja side. Med sin munnlege, humoristiske og personlege stil bidrog han til å fornya språkbruken i avisene.

Ferdaminne var det første større verket som tok i bruk Ivar Aasen sitt landsmål, eller nynorsk som me kallar det i dag.

Vinje er spesielt kjend for det såkalla tvisynet som han i Ferdaminne skildrar som evna til å sjå «Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at med lettare kunne liksom graata med det eine Augat og læ med det andre».

Som i kapittelet om Grauten på Grut der han skildrar nasjonalt kosthald med stor ironi: «Det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjennom Ovnspipa».