– Vi skal dø, kva vil du gjere med livet ditt?
Regissør Mali Finborud Nøren om jakta på eit godt liv i ny dokumentarfilm.
I «Mammas Drøm» følgjer regissør Mali Finborud Nøren, si eiga mor og hennar jakt på å oppnå draumen sin om å bli stofftrykkar. Denne dokumentaren strekker seg på om lag ti år og viser kvardagen og livet til Gunnhild (70).
Gunnhild har alltid hatt ein draum om å bli stofftrykkar. Då ho var ung tok ho utdanning i Oslo, men på grunn av livet med born og familie, kom ho aldri i gong med verkstaden hennar. Dottera Mali, prøver gjennom denne filmen å hjelpe Gunnhild å kome i gong. Dei fyrste opptaka vart tekne i 2006 og viser Gunnhild som nett har blitt 60 år. I bursdagsgåve får Gunnhild ei veke kurs i stofftrykk, for å friske opp kunnskapen hennar. Mali håpar at dette vil gi henne eit puff til å starte opp verkstaden som ho lenge har drøymt om.
LES OGSÅ: – Det er dei små augeblinka ein hugsar
Må tørre å gi blaffen
«Mammas Drøm» er ein film som viser livet slik det er og blir utifrå vala ein tek i kvardagen. Under Kosmorama Filmfestival som var arrangert i Trondheim, fortalte regissør Mali Finborud Nøren om krava om det perfekte livet, og at ein må tørre å gi blaffen i nokre ting.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenGunnhild var svært nervøs for å vise scenene av det rotete huset hennar, men Mali synast at dette er ein god måte å vise at livet ikkje er perfekt. Det er ingen som har alt på stell heile tida.
Mali fortalte at det ikkje alltid er lett å lage film om familien. Ho er vand til å ha avtalar slik at ho kan ha med seg rett utstyr med lyd, kamera og lys.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsen– Foreldra mine kunne avlyse fordi for dei var eg berre dottera deira, fortalde ho.
LES OGSÅ: – Ikkje alle kan verte filmregissør
– Har til og med brukt mobil
Å lage ein dokumentar utan å bryte inn for mykje, var ei utfording. Mali forklarar at av og til kom det hendingar som ho ville ha med i filmen, og måtte difor ta i bruk det nærmaste kameraet ho hadde.
– Eg har til og med brukt mobil! røper ho.
Filmen tek opp temaet om livet og draumane våra, og om korleis vi skal klare å oppfylle desse før det er for seint. Vi lagar alltid større planar og vil alltid prøve å strekke oss mot draumane, men må ein oppfylle desse måla for å få eit godt liv?
– Vi skal dø, kva vil du gjere med livet ditt? seier Mali til slutt.