Meny

26-åring kan verte norsk Oscar-kandidat

Sjå traileren til Dahlsbakkens langfilmdebut «Å vende tilbake».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Langfilmdebuten til Henrik Martin Dahlsbakken (26) er saman med storfilmen «Bølgen» og Anne Sewitskys «De nærmeste» kortlista til årets norske Oscar-kandidat.

Lavbudsjettsfilmen «Å vende tilbake» i regi av Henrik Martin Dahlsbakken, «De nærmeste» i regi av Anne Sewitsky og Roar Uthaugs store katastrofefilm «Bølgen» er alle kortlista som årets norske Oscar-kandidatar, melder filmmagasinet Rushprint.

Les også: Indonesia kritiserer Oscar-kandidat

Éin million mot 50 millionar

Henrik Martin Dahlsbakken har allereie fått mykje internasjonal merksemd og fleire prisar for kortfilmen «Mannen fra isødet» (2012).

Tidlegare i år fortalde 26-åringen Framtida.no om arbeidet med sin første langfilm.

Regissør Henrik Martin Dahlsbakken (26) (t.h) har med seg veslebror Oskar Dahlsbakken som fotograf på filmane sine. Foto: Lars Olav Dybvig (Slaughterhouse)

Regissøren fekk eit toårig kunstnarstipend, som gav han tid til å jobbe med langfilmdebuten «Å vende tilbake».

Finansieringa starta med 300.000 kroner i støtte og resten frå eiga lomme, før dei fekk ein halv million til etterarbeidet.

Dahlsbakken har med seg bror sin som fast fotograf og rekna med at om dei trakk frå lanseringskostnadar og eigne arbeidstimar kom kostnadane på i overkant av ein million.

Heile filmen vart spelt inn i Jotunheimen på to veker i september 2013, i tillegg til nokre restopptak i 2014.

– Eg plar å seie at ein treng pengar for å lage film. Det er likevel ikkje pengane, men folka og ideen som som avgjer kvaliteten på produktet, forklarte Henrik Dahlsbakken til Framtida.no.

Til samanlikning hadde katastrofefilmen «Bølgen», som har noregspremiere fredag 28. august, eit budsjett på kring 50 millionar kroner.

Les også: Kallar katastrofefilm «realistisk»

Sjå traileren til «Bølgen» her:


Oscar-fest 28. februar

For å verte nominert i kategorien «Best Foreign Language Film», må filmen vere produsert utanfor USA og ha dialog på eit anna språk enn engelsk. Filmen må òg ha hatt premiere på kino i perioden 1. oktober 2014 til 30. september 2015.

Den norske Oscarkomiteen, som består av åtte representantar, valte ut dei tre kandidatane blant i alt 21 norske langfilmar. No skal produsentane for filmane presentere sine planer for ein eventuell Oscar-kampanje, før komiteen tek ei endeleg avgjerd.

Skal ein høyre på filmmeldarane er det nok meir sannsynleg at «Bølgen» vert Noregs Oscar-kandidat. Filmen har vorte møtt av ei bølgje av jubel og høge terningkast.

Meldingane har òg vore gode for Anne Sewitsky sin film om incest, som hadde verdspremiere på prestisjetunge Sundance Film Festival.

Sjå traileren til «De Nærmeste» her:

Kven som vert Noregs Oscar-kandidat i kategorien beste framandspråklege film vert offentleggjort onsdag 2. september.

Dei endelege Oscar-nominasjonane vert offentlege 14. januar, ein drøy månad før utdelinga 28. februar 2016.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus