36 millionar har sett det dei lagar

MANGE HENDER: Tore Ramstad Urke er blant dei som stiller opp for å hjelpe prosjektet til Christer Larsen (i midten) og Stian Hafstad (til høgre). FOTO: PistolShrimps.
MANGE HENDER: Tore Ramstad Urke er blant dei som stiller opp for å hjelpe prosjektet til Christer Larsen (i midten) og Stian Hafstad (til høgre). FOTO: PistolShrimps.
Artikkelen fortsetter under annonsen

I januar spelar duoen «PistolShrimps» inn nye episodar for det neste halve året. Ingen andre nordmenn har klart å lage ein så populær YouTube-serie.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I kinosalen i Bergen sprutar det med glas. Titanic blir vist på lerretet. Plutseleg kjem eit monster opp frå vatnet og mot publikum.

– Vi skal lage ein tullevideo i samband med at Titanic-filmen kommer i 3D no til våren, forklarar Christer Larsen (23).

Larsen og makker Stian Hafstad (26) utgjer duoen bak YouTube-kanalen «PistolShrimps». I to år har dei publisert ein video kvar veke på YouTube.

Målgruppa er tenåringar og folk i byrjinga av 20-åra. Til saman har videoane fått 35 millionar treff. Fem av videoane har vorte vist meir enn ein million gongar. Ikkje nokon andre nordmenn som har fast produksjon til YouTube, har klart å få like høge tal over så lang tid. No har dei nær 100.000 som følgjer dei fast, berre 7.000 av desse er nordmenn.

Tull slår til

Videoen «Trolling Saruman», basert på Ringenes Herre, er den mest sette videoen deira. Over ti millionar har sett denne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Gandalf Goes to the World Cup ligg òg på topp 5.

TV-sjåing stuper

Barn, ungdom og unge vaksne ser stadig mindre på tradisjonelt fjernsyn. Undersøkinga Norsk Mediebarometer som er utført av Statistisk sentralbyrå syner at tv-sjåinga stupar blant dei yngste.

TV-sjåinga til 9-15-åringar har gått ned med 25 prosent frå 2003 til 2010, i snitt i 2010 såg dei berre 105 minutt på fjernsyn.

16-24-åringar hadde sin førebels siste fjernsynstopp i 1999. Då såg personane i aldersgruppa i snitt 153 minutt på tradisjonelt fjernsyn. I 2010 var talet på minutt nede i 132 per dag, altså ned tretten prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: - TV er dødt innan fem år

I løpet av same periode har internett overteke meir og meir som leverandør og distributør av levande bilete, deriblant gjennom YouTube.

I aldersgruppa 9 til 15 år har databruk auka med nær 150 prosent på ti år, medan den i aldersgruppa 15 til 24 har auka med nær 400 prosent på same tid, frå 2000 til 2010.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kroner null i inntekt

Christer Larsen og Stian Haftstad er godt nøgd med sine tal på YouTube så langt. Trass i svært mange sjåarar, har dei ikkje tent ei krone så langt.

– Vi lagar videoar vi synst er morosame og som vi likar. Vi brukar referansar frå film og frå internettfenomen vi er opptekne av. Det er ekstra gøy når ein video rundar ein million treff, seier Larsen.

Dei tenkjer tabloid og bruker referansar frå film og internett for å nå mange.

– Etter kvart har vi byrja å sjå kva som slår an, seier Larsen.

Men dei håpar at merksemda og videoproduksjonen dei kan vise til, indirekte vil kunne gje dei eit levebrød på sikt.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

– Det er veldig fint å ha på CVen og gjev oss eit høve til å få eit namn i bransjen. Det kan gje oss betalte oppdrag etter kvart, seier Larsen. Han jobbar no som frilansar innan film og tv i Bergen, medan Hafstad studerer vidare innan film ved Colombia University i New York.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei møttest då dei studerte film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen.

Vener jobbar gratis

Under opptaka i Bergen har opptil åtte frivillige vore i sving. Ingen får betalt. Dei er vener og gjer det fordi dei synst det er kjekt.

– Dei synst det er kjekt å vere med, og vi synst det er veldig gøy å ha dei med. I tillegg til å hjelpe med sjølve innspelinga, vert det god stemning og mykje latter når vener er med.

Og det kan vere ein fordel når dagane vert lange.

– Ein må vere villig til å jobbe hardt for å lykkast i filmbransjen, seier Larsen. Snart må makker Hafstad nå flyet mot Statane. Då må alle episodane fram mot sommarferien vere ferdige. Du kan følgje PistolShrimps på YouTube-kanalen deira!

Denne videoen der ein dinosaur går amok i Bergen, vakte oppsikt:

Relaterte artiklar