Kjempar om britisk filmpris

«Trolljegeren» får internasjonal anerkjennelse (Foto: Filmweb).
«Trolljegeren» får internasjonal anerkjennelse (Foto: Filmweb).
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trolljegeren kan vinna gjev britisk filmpris.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medlemmar av det britiske film- og tvakademiet (BAFTA) har røysta fram Trolljegeren til lista over filmar som kan få årets BAFTA-pris for beste ikkje-engelskspråklege film. Den britiske film- og tvprisen blir delt ut kvart år, og medlemmane til akademiet stemmer i to omgangar. No er den første lista med 15 nominerte filmar i kvar kategori offentleggjort, valt ut frå 285 påmelde filmar.

Trolljegeren konkurrerer om ein nominasjon med filmar som Pina og Nader og Simin – et brudd.

Les også: «Trolljegeren» roses av Hollywoods kritikere

Den 17. januar blir det offentleggjort kva for fem filmar som enno vil vera med og konkurrera om årets BAFTA for beste ikkje-engelskspråklege film. Årets prisutdeling finn stad sundag 12. februar. Vist på flest festivalar Trolljegeren, som hadde britisk premiere i september i heile 83 kinosalar, fekk svært gode kritikkar i britiske tabloidaviser opp mot premieren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trolljegeren er òg den norske filmen som har vorte vist på flest internasjonale filmfestivalar i løpet av 2011, med visningar på over 45 festivalar. Stor honnør – Dette er eit stor høve for regissør André Øvredal til å få endå meir internasjonal merksemd. Og det er utruleg morosamt og ein stor honnør til alle som har trudd på prosjektet frå dag éin, seier ein nøgd John M Jacobsen, produsent i Filmkameratene AS til NFI.no.

Trolljegeren er den første spelefilmen til André Øvredal og basert på hans eige manus. Etter verdspremiere på Fantastic filmfestival i Austin, USA, selde filmen nærare 280.000 billettar i Noreg, og fortsette den internasjonale ferda si, både til filmfestivalar og kinoar over heile verda.

Denne saken er fra Framtida.no

Les flere nyheter fra ABC Nyheter