No startar utegrillsesongen

GODT PÅ GRILLEN. (Illustrasjonsfoto: Matprat.no)
GODT PÅ GRILLEN. (Illustrasjonsfoto: Matprat.no)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Pølser, fisk eller asparges på grillen? Her får du Arne Brimi og Christopher Sjuves grilltips for pinsehelga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Grillfakta

* Personar under 60 år og dei med høgast hustandsinntekt grillar mest.

* Personar som bur saman med andre grillar meir enn dei som er aleine.

* Folk i Oslo og Nord-Noreg grillar sjeldnare enn resten av landet.

* Far er framleis «sjef» ved grillen.

* Gassgrill og kullgrill er dei mest nytta grilltypane

* Dei fleste nordmenn har høve til å grille heime hos seg sjølv, om det så er i eigen hage eller på balkongen/terrassen.

* Sosial samling og god mat utandørs er dei viktigaste årsakene til at folk grillar.

(Kjelde: Opplysningskontoret for kjøt)

Vi nordmenn elskar framleis dei gode gamle gillpølsene. Og ikkje eit vondt ord om desse velsmakande rakkarane, men det treng verken ta lang tid eller altfor mykje tankekraft til for å finne alternativ grillmat, som også er sunnare. Favoritten til kokk Christopher Sjuve er grilla fisk.

- Fisk er så uhyre enkelt å grille, det er nesten ikkje til å tru, seier Sjuve til ABC Nyheter.

- Laks, aure, torsk, det finst ingen reglar for kva fisk du kan slengje på grillen. Asparges er også fantastisk godt, med litt riven ost og olje på. Det er ikkje revolusjonerande, men det funker som berre det.

Christopher Sjuve har vore kokk i NRK1s «Sommeråpent». Her er han i aksjon med Hank von Helvete, vokalist i Turbonegro.Christopher Sjuve har vore kokk i NRK1s «Sommeråpent». Her er han i aksjon med Hank von Helvete, vokalist i Turbonegro.

Få Christopher Sjuves personlege grilloppskrifter nederst i saka.

Vil «påby» utegrilling

Sjuve blei kåra til «Årets matformidlar» i 2006, han har vore tv-kokk i NRK1s «Sommeråpent» og VG og VG Netts faste matskribent i fleire år. Kokken fortel at han sjølv ein ordentleg grillfantast.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Der eg budde før hadde vi ein murgrill i bakgården, men eg har til gode å kjøpe meg ny grill etter at vi flytta. No som vêret er så strålande, ser eg ikkje bort frå at eg vil ta med meg familien min og setje meg i parken med ein eingongsgrill i pinsehelga.

Om Sjuve hadde vore statsminister, skulle han ha innført eit påbod om at alle må vere ute og grille når det er fint vër.

- I staden for «Gro-dag» skulle eg ha innført ein eigen «Christopher-dag», der alle måtte ta fri frå jobben for å gå ut i parken og grille, flirer kjendiskokken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruk grillen som kjøken

Arne Brimi oppmodar folk til å bruke utegrillen som eit lite kjøken. (Foto: Scanpix)Arne Brimi oppmodar folk til å bruke utegrillen som eit lite kjøken. (Foto: Scanpix)

Ifølgje Opplysningskontoret for kjøt er mai den månaden der flest personar startar å grille. Det strålande finvëret som meteorologane har lova for pinsehelga mange stader i landet, vil nok få fleire av oss som framleis ikkje har starta årets sesong til å finne fram grillvottane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meisterkokken Arne Brimi seier til ABC Nyheter at han er ein sterk motstander av uttrykket å «slengje» noko på grillen. Han oppmodar folk til å ta seg tid til å sitje ute og nyte den varme årstida.

- Eg likar ikkje det at grilling skal vere så kjapt unnagjort. Mitt råd til folk er å bruke grillen som eit lite kjøken. Ta laks og pakk den i folie med smør og godt krydder, La den liggje på grillen og bli god, så kan ein steikje kinakål til. For kinakål er kål og ikkje salat, og kan godt steikast. Saman med steikte tomatar er det spesielt godt.

- Unngå sommarkoteletter

Sjølv brukar Brimi mest bål, men fortel at også utegrillen er populær i sommarmånadene, og der steikjer han det meste.

- Det er viktig at folk evnar å gi ungane sine noko annan enn grillpølser. Ta med deg kjelen og sett den på grillen. Del tomatar i to og steik dei lenge med godt krydder, og ha eit stykke grilla kjøt attåt. Men ikkje gå i sommarkoteletttfella. Det finst gode kotelettar som ikkje har blitt merka med «sommar» av handelsstanden, seier Brimi.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Christopher Sjuves beste grilloppskrifter


Grillet laks med dill og sitron

2 personer

400 g laksefilet

1 sitron

3-4 dillkvister

2 gule paprika

1-2 spiseskjeer kapers

4-5 spiseskjeer remulade

1 spiseskje hakket timian

6 asparges

1/2 rødløk, hakket

Salt og pepper

Skjær sitronen i skiver. Pakk laksefileten inn i folie, legg på sitronskiver, dill, salt og pepper. Legg den på grillen. Den blir ferdig på ca 6-7 minutter.

Skjær paprikaen i skiver og fjern det hvite. Legg dem med skinnsiden ned på grillen. Ikke fjerne dem før de begynner å bli skikkelig svarte. Ta dem av grillen og fjern det svidde skinnet. (poenget er at paprikaen blir søt og god etter en slik behandling). Hakk paprikaen.

Hakk kapers og bland med remuladen. Ha i timian.

Knekk av den nederste delen av aspargesen. Grill dem i ca 1-2 minutter.

Server laksen med remulade, asparges og paprika.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Handleliste

Laksefilet

1 sitron

Dill

2 gule paprika

Kapers

Remulade

Timian

Asparges

Rødløk

Klassisk, grillet biff med timianpoteter og tomatsalat

4 personer

4-6 mellomstore poteter, vasket

2 fedd hvitløk, skrelt

4-5 kvister frisk timian

Olje

2 spiseskjeer smør

800 gram ytrefilet

1 pk ruccolablader

3 tomater

3 reddiker

1 hvitløksfedd, knust

1 dl olje

Saften av 1 sitron

1 ts sennep

1 gulrot

1 agurk

Salt og pepper

Skiv potetene i ca én cm tykke skiver. Skiv hvitløk og pakk inn i folie sammen med potetskivene, timian, olje og smør. Krydre med salt og pepper og legg på kullet (under risten). Det tar ca 20 minutter, men det avhenger av hvor varm grillen er. Åpne, og sjekk med en gaffel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Krydre kjøttet med salt og pepper. Legg det grillen på en varm sone. Når kjøttet har fin stekeskorpe, kan du snu det. Når det er fin stekeskorpe rundt hele, så legg kjøttstykket på mindre varme soner og la det steke til det blir ca 60 grader i midten (eller 70 om du vil ha det gjennomstekt). Steketermometeret er ditt beste våpen mot tørt kjøtt. Det er også viktig at du lar kjøttet hvile etter at det er ferdig, ca 15-20 minutter, faktisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vask og tørk salatbladene og ha dem i en bolle. Skiv tomatene, reddiker og ha dem i bollen. Lag dressing ved å blande ett fedd knust hvitløk, olje, sitron og sennep. Hell over salaten og bland godt. Server med skav (bruk potetskreller) av gulrot og agurk.

Skjær opp kjøttet og server med salat og timianpoteter.

God grilling!