Stavanger vil på kartet

Opninga av Stavanger2008 var ein diger folkefest med parade frå alle 26 rogalandskommunane.
Opninga av Stavanger2008 var ein diger folkefest med parade frå alle 26 rogalandskommunane.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rogalendingane trur eitt år som europeisk kulturhovudstad vil vere med og setje Stavanger og regionen på kartet ein gong for alle.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Stavanger 2008 / Europeisk kulturhovudstad:
Europeisk kulturhovudstad er ein status som ministerrådet i EU deler ut. Noreg søkte EU på vegner av Stavanger, og statusen vart tildelt byen i 2003. Stavanger, Sandnes og Rogaland fylkeskommune er saman om Stavanger2008-prosjektet. Samla budsjett for Stavanger2008 er på 300 millionar for åra 2004 til 2009. Den første europeiske kulturhovudstaden var Aten i 1985.
Sjekk ut Stavanger2008 på nett.

Mellom 50 og 60 000 menneskje hadde tatt turen til Stavanger sentrum då kulturåret opna på laurdag. Skjønt, sidan Stavanger2008 er eit samarbeid mellom nabobyane Sandnes og Stavanger, hadde Sandnes fått lov å tjuv-opne allereie fredag.

Heile fylket deltok i folkeparaden under ulike tema som ord, lys, rytme og natur.Heile fylket deltok i folkeparaden under ulike tema som ord, lys, rytme og natur.

Stavanger2008 har «Open port» som motto, og har sett mål av seg til å vere noko heile regionen skal vere inkludert i. Det var grunnen til at den opne folkefesten byrja med ein halvannan time langt opptog kor 2000 innbyggjarar frå Rogalands 26 kommunar paraderte gjennom gatene framføre kongeparet, kulturministeren og dei store folkemassane.

Må utnytte statusen

Stavangerfolket har klare forventningar til at året som kulturhovudstad må verke samlande på folket i heile fylket, og ikkje minst til at kulturtilbodet skal bli enno betre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det skjer mykje i Stavanger om sommaren, men ikkje så mykje i vinterhalvåret. No reknar vi med å få nye og spennande kulturopplevingar, meinte ein av dei mange tusen som hadde samla seg for å vere med på den delen av opningsfesten som var open for alle.

Stavanger haldt pusten då Eskil Rønningsbakken byrja turne på sykkelen - 25 meter over bakken.Stavanger haldt pusten då Eskil Rønningsbakken byrja turne på sykkelen - 25 meter over bakken.

Mange var dessutan opptekne av kva statusen som europeisk kulturhovudstad vil få å seie for byen etter 2008.

- Dette året er ein unik mulegheit for Stavanger til å markere seg overfor resten av landet og ut over landegrensene, sa stavangerdama Siri Jaasund, etter å ha stått i nokre kalde timar og bivåna opptoget.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Verken ho eller følgjet var vidare bekymra for pengebruken og meinte dei drygt 300 millionane Stavanger2008 har på budsjettet var vel anvendte viss kulturhovudstaden kan greie å profilere seg godt dette året.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hugsar ikkje fjoråret

- Kulturåret må vere for heile fylket, meinte Erling Kaspersen medan det store insektet Helios sveiv over hovudet på tilskodarane. Også han meinte marknadsføringspotensialet for byen var stort, samstundes som han ikkje heilt kunne sjå kva til dømes Bergen, som var kulturhovudstad i 2000, hadde fått ut av sitt kulturår.

Kven som var europeiske kulturhovudstader i fjor, kunne ikkje Kaspersen, til liks med alle dei andre som vart spurde, svare på.

Kjempeinsektet Helios inntok kulturhovudtstaden.Kjempeinsektet Helios inntok kulturhovudtstaden.

- Det var nok ein plass i Sverige, føreslo ein.

At det var Luxembourg og Sibiu (Romania) var ikkje kjend for nokre av dei, men dei fleste viste at Stavanger deler årets hovudstadstatus med Liverpool.

- Synd det ikkje blir nokon fotballkamp mellom Viking og Liverpool, kommenterte ein, som likevel fekk utløyst spenningsbehovet då Eskil Rønningsbakken sykla på line over torget 25 meter oppe i lufta, akkompagnert av djupe gisp og tunge stønn frå eit publikum med stive auge.

Les også:

- Syklar på line over torget
- Slik blir kulturhovedstaden