Nytt industrieventyr i Odda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Odda skal bli ein levande og spennande by, eit knutepunkt med kontrastar mellom natur og industri. Oddingane er i gang med ny verdiskaping.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan konkursen i 2004 står bygningane på smelteverkstomta tome og mørke. (Foto: Toyni Tobekk)Sidan konkursen i 2004 står bygningane på smelteverkstomta tome og mørke. (Foto: Toyni Tobekk)

Tomta der smelteverket stod og gløda i 100 år tar opp halve sentrum i Odda. No er det ein industrikyrkjegard. Bygningane står der i mørkre og forfell etter konkursen i 2004.

- Men smelteverkstomta skal vekkast til live, her skal det bli hotell, eit vitensenter for barn og unge, klatrevegg, butikkar og hotell, alt med utgangspunkt i den flotte arkitekturen som allereie står der. Ikkje minst skal anlegget romme Norsk Smelteverkmuseum, bedrifter og ein restaurant. Leiar i Odda i Utvikling, Randi Bårtvedt, fortel gjerne om planane.

Kanskje dette er noko ein kan oppleve igjen, på Norsk Smelteverksmuseum i Odda? Tapping av karbid, ovn 3. (Foto: Harald Hognerud, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum)Kanskje dette er noko ein kan oppleve igjen, på Norsk Smelteverksmuseum i Odda? Tapping av karbid, ovn 3. (Foto: Harald Hognerud, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum)

- Då smelteverket var i gang, brukte Odda like mykje straum som heile Stavanger, fortel Bårtvedt engasjert. - Smelteverket gløda og lyste.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til hausten vil dei prøve å få lyssett ein kalkomn i neonfargar, for å markere den nye tida som skal kome, der smelteverket vil bli levande igjen.

Tyssedal kraftstasjon. (Foto: Knut Bry.)Tyssedal kraftstasjon. (Foto: Knut Bry.)

Unik verdskultur


Kommunen har allereie Norsk Vasskraft- og industristadmuseum i Tyssedal.

I 2002 byrja arbeidet med å få sett kraftstasjonen i Tyssedal på Unesco si liste over unike verdskulturelle minnesmerke. Då smelteverket gjekk konkurs, var det naturleg å innlemme også smelteverket i søknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det tar tid å bli internasjonal kulturarv. Først må Odda nå fram i det norske byråkratiet. Det er regjeringa som søkjer om plass på den internasjonale lista. No har både Rjukan og Odda/Tyssedal kome nesten gjennom det nasjonale nålauget, og vil få svar til sommaren.

Sidan må Unesco gjere samanlikningar og undersøkingar internasjonalt for at ein skal vere sikre på at det verkeleg er unike verdskulturminne det er snakk om.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men det er vi rimeleg sikre på at vi har, det har vi frå fleire hald, seier Randi Bårtvedt.

- Her har vi hatt verdas største karbidfabrikk og verdas største gjødselfabrikk, noko sånt finst ikkje nokon annan stad i verda.

Leie av å vente


No er det somme i Odda som er leie av å vente på Unescosøknaden. Førre veke var det eit stort folkemøte i byen, der både motstandarar og pådrivarar fekk seie sitt.

I følgje Klassekampen var det lenge sidan det hadde vore så mange frammøtte på eit politisk møte i Odda. Motstandarane meiner at Unescosøknaden bremser utviklinga av nye arbeidsplassar i Odda. Dei vil rive heile smelteverket, for å få sett i gang med næringsaktivitet på området.

Ny bruk av fabrikkbygg. Frå Det Norske Teatret si framsyning av Frode Grytten sin «Bikubesong» i Lindehuset på smelteverkstomta. (Foto: Det Norske Teatret)Ny bruk av fabrikkbygg. Frå Det Norske Teatret si framsyning av Frode Grytten sin «Bikubesong» i Lindehuset på smelteverkstomta. (Foto: Det Norske Teatret)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sju prosent av smelteverksområdet er freda av fylkeskonservatoren. Det er desse 10 måla av 167 mål smelteverkstomt det er snakk om.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Produksjonslinja, det vil seie taubanen og omnane, sjølve kjernen i smelteverket, skal stå som minne om 100 års industrieventyr. Randi Bårtvedt skjønar ikkje kva problemet er.

- Området gir jo uansett plass til at alle som vil kan setje i gang med alt mogleg der. Vern tyder ikkje noko daudt, men full fres, seier prosjektleiaren engasjert.


Unesco eller ikkje Unesco


Kommunestyret gjekk nesten einstemmig for Unescosøknaden i 2004. Berre ein stemde mot. Men viktigare er det at vernemyndigheitene ser på Smelteverket som eit viktig nasjonalt kulturminne som må takast vare på, Unesco eller ikkje Unesco.

- Vi kan ikkje rive det som gir Odda karakter. Vi må setje det i stand, ta det i bruk, og utvikle noko nytt med utgangspunkt i det gamle.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Odda i Hardanger var før industrieventyret den mest besøkte turiststaden i Noreg. (Foto: Jan Rabben)Odda i Hardanger var før industrieventyret den mest besøkte turiststaden i Noreg. (Foto: Jan Rabben)

Størst i Noreg


Før industrien kom til Odda for 100 år sidan var Odda det største turistmålet i Noreg. Cruisskipa stod tett i Sørfjorden, og turistane strøymde til for å oppleve den storslåtte naturen med brear og fossar.

På kommunestyremøtet i Odda i går gjekk debatten om smelteverksområdet i fem timar før det blei bestemt at Unesco-søknaden framleis skal gjelde dei ti måla fabrikkhistorie.

Det er ikkje lett å bli verdskulturarv. Men Odda er klar for nye eventyr og smelteverket kjem til å gløde igjen, trur Randi Bårtvedt.

Les meir om Odda og smelteverket:

Relaterte saker: