Er Petra verdas underverk?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oldtidsbyen Petra i Jordan ligg no på topp blant kandidatane til «Verdas 7 nye underverk», opplyser stiftinga The New 7 Wonders of the World.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oldtidsbyen Petra ligg no på topp blant kandidatane til «Verdas 7 nye underverk». Foto: REUTERS/ Muhammad Hamed/ ScanpixOldtidsbyen Petra ligg no på topp blant kandidatane til «Verdas 7 nye underverk». Foto: REUTERS/ Muhammad Hamed/ Scanpix

Dei andre aktuelle på topp-sju lista av i alt 21 finalistar er Colosseum i Italia, Den kinesiske muren, inkabyen Machu Picchu i Peru, pyramidane i Egypt, statuane på Påskeøya og mausoleet Taj Mahal i India.



Men det finst altså no 21 kandidatar å velje mellom, og den verdsomspennande røystinga skal halde på til 7. juli 2007 - 07.07.07. Då vil dei sju underverka med flest stemmer bli offentleggjort i Lisboa i Portugal og bli ein del av historia. Dei vil for ettertida bli omtalt som monument som har global verdi - ein del av vår felles kulturarv.

20 millionar har røysta


Over 20 millionar menneske frå heile verda har allereie vore med og røysta via telefon eller internett.

Ideen om dei sju nye underverka vart lansert i 2000 av filmprodusenten, forfattaren og flygaren Bernard Weber. Sidan har menneske frå alle verdshjørne nominert og røysta på hundrevis av lokalitetar. Leiande ekspertar innan arkitektur har så plukka ut dei mest populære kandidatane til å bli verdslandemerke.

På finalelista finn vi ingen norske underverk, men elles dei kjende kulturminna Akropolis i Hellas, Alhambra i Spania, Angkor i Kambodja, Chichen Itza i Mexico, statuen Christ Redeemer i Brasil, Eiffeltårnet i Frankrike, moskeen Hagia Sophia i Tyrkia, Kreml i Russland, Kyomizu-tempelet i Japan, Neuschwanstein-slottet i Tyskland, Fridomsgudinna i USA, Stonehenge i England, operahuset i Sidney og Timbuktu i Mali.

Dei sju klassiske

Med unnatak av Kheops-pyramiden i Egypt er alle dei klassiske sju underverka i verda jamna med jorda for lengst. På denne lista finn vi elles Babylons hengjande hagar, Kolossen på Rhodos, Zevsstatuen i Olympia, Mausoleet i Halikarnassos, Artemistempelet i Efesos og Fyrtårnet på Faros ved Alexandria. (NPK)