Garborg til alle

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det jærbuen vil, får han til, seier folk i Stavanger. No vil dei ha eit nasjonalt Garborgsenter.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Satssekretær Randi Øverland og prosjektleiar for Nasjonalt Garborgsenter, Trond Lie, oppmoda einannan om å setje dampen opp for å få senteret på plass til 2009. (Foto: Toyni Tobekk)Satssekretær Randi Øverland og prosjektleiar for Nasjonalt Garborgsenter, Trond Lie, oppmoda einannan om å setje dampen opp for å få senteret på plass til 2009. (Foto: Toyni Tobekk)

Senteret har så langt verken pengar eller planar, men det vantar ikkje på visjonar.

Det hastar


130 representantar frå næringsliv, målrørsle, presse og kulturorganisasjonar var denne veka med på eit avspark for det planlagde Garborgsenteret på Bryne og fekk der vere vitne til ei sjeldan oppvising i optimisme og pågangsmot. At det trengst, er det liten tvil om, for prosjektet har berre tida og vegen.

- Me skal vere på plass i 2009, fortalde Trond Lie, prosjektleiar for Nasjonalt Garborgsenter. Senteret har opsjon på areal i eit planlagd næringsområde, og Lie var klår på at prosjektleiinga ville hive seg rundt og få ting gjort.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Blir på Bryne


Visjonane for eit Garborgsenter er at det skal bli eit formidlingssenter av nasjonalt format og at det skal utfylle Garborgmusea som allereie finst i Asker, Kolbotn og på Knudaheio der Garborg hadde skrivarstova si.

Senteret skal samlokaliserast med folkebiblioteket og den påtenkte nye vidaregåande skulen på Bryne. Det til trass for at Garborg-museet i Asker helst såg at ein Garborgsenteret kunne blitt eit frittståande signalbygg i staden for ein del av ein stor næringspark.

Arne Garborg (1851-1924) var ein journalist og forfattar som sette djupe spor etter seg både på Jæren, i Noreg og ute i verda. (Foto: Harriet Simensen/Knut Erik Knudsen/Scanpix)Arne Garborg (1851-1924) var ein journalist og forfattar som sette djupe spor etter seg både på Jæren, i Noreg og ute i verda. (Foto: Harriet Simensen/Knut Erik Knudsen/Scanpix)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lokaliseringa bestemt


- Lokaliseringsdiskusjonar er eit av dei momenta som er med og øydelegg for gode prosjekt og dreg dei ut i tid, meinte Trond Lie og poengterte at lokaliseringa er ein av dei få tinga som ligg fast i prosjektet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Garborgsenteret skal liggje saman med biblioteket, det er bestemt.

Spisse Garborg


Garborg var altså jærbu. Han var dessutan europear, sosialist, økofilosof, fritenkjar, journalist, liberalist, feminist, målmann, sosialøkonom - og han var forfattar. Det var stor semje under avspark-konferansen om at ein må gjere eit utval og bestemme seg for kva for ein Garborg ein vil satse på.

- Det er og viktig å satse på nettstaden garborg.no for å kunne verke for heile nasjonen, peikte prosjektleiaren på.

Samrøyre


I 2001 gjekk Garborgåret av stabelen. I ettertid har Time mållag pusla med tanken om eit nasjonalt senter, og mållaget fekk mykje av æra på avspark-konferansen for at Garborgsenteret no har kome ut av tenkjeboksen og opp i dagen.

Men samhandling må til viss senteret skal realiserast, det understreka Kultur- og kyrkjedepartementet som var representert ved statssekretær Randi Øverland:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Skal ein få ut friske midlar og på sikt faste løyvingar over statsbudsjettet, må ein tenkje samarbeid og samanslåing.

Få med Hulda


Øverland ønska å la prosjektet sjølv vurdere kven det er aktuelt å samhandle med, men det låg nokså i dagen at eit samarbeid med til dømes Jæren Museum vil vere naudsynt.

- Dessutan må prosjektet stå seg godt lokalt, uansett kor regionalt og nasjonalt ein tenkjer.

Eit nasjonalt Garborgsenter skal ikkje berre ha plass til Arne. Også Hulda Garborg må synast att, var prosjektleiinga si klåre formeining, både i form av tekst, husflid og mat.

Jærbuen får det nok til. Som Arnfinn Vigrestad, ordførar i Time kommune og leiar av styringsgruppa til Prosjekt Nasjonalt Garborgsenter sa det: «Er det någe me kan på Jæren, så er det å lø stein.»