Her budde dei som bygde Stonehenge
Utgravingar ved Durrington Walls avdekka leivningane frå dei forhistoriske husa.
Det ser ut til at menneske har brukt området sesongavhengig, for rituelle festar og gravferdsseremoniar.
I forhistorisk tid ville denne busetjinga ha husa hundrevis av menneske, noko som gjer det til den største landsbyen frå neolittisk tid (yngre steinalder) som nokonsinne er funnen i Storbritannia.
Arkeologane har gravd ut til saman åtte hus. Til saman meiner dei det kan ha vore over hundre.
Busetjinga kan daterast tilbake til år 2600-2500 f.Kr, til same periode som Stonehenge blei bygd. Stonehenge blir rekna for å vere eit av verdas mest kjende byggverk.
Dei nyutgravde bustadane skal ha vore laga av tre, med leirgolv og ein ildstad i midten. Golva skal ifølgje arkeologane ha vore dekka av 4600 år gammalt søppel.
Husa fulle av søppel og dyrerestar
- Det er den skitnaste staden for denne perioden kjend i Storbritannia, seier professor Parker Pearson til BBC.
Arkeologane ved Sheffield Universitet trur staden trakk til seg neolittiske folk frå heile regionen. Dei kom for massive midtvintersfestar, der veldige mengder med mat skal ha blitt konsumert. Dyrebeina og søppel blei deretter kasta rett på golva.
- Vi har aldri sett så store mengder keramikk, dyrebein og flinsteinar. Dyrebeina har dei kasta frå seg halvetne. Dette er kva vi kallar eit etegilde. Det var her dei gjekk for å feste - du kan kalle det den første festivalen.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenI eit separat område lenger oppe i dalen har Julian Thomas ved Manchester Universitet oppdaga to andre neolittiske hus, begge omringa av tømmergjerde og vollgraver.
Men i motsetnad til husa lenger nede i dalen, skal desse ha vore fri for søppel.
- Først trudde vi desse hadde blitt vaska ut, seier professor Thomas. Men forskarane trur no at desse bustadane blitt halde reine med vilje, og at dei kan ha vore heimane til stammeleiarar, kloke kvinner eller prestar.
Gravferdsrituale
Alternativt kan dei også ha vore heilage stader, der menneska gjekk for å utføre rituale.
Professor Parker Pearson trur at meininga med Durrington var å feire livet og kvitte seg med døde i elva, for slik å transportere dei til livet etter døden, medan Stonehenge var eit minnesmerkje og ein endeleg kvileplass for nokre av dei døde.
Etter gildet, spekulerer han, vandra menneska ned til elva Avon som renn mot Stonehenge. Så skal dei ha gått langs «hovudgata» til Stonehenge opp mot monumentet, der dei kremerte og gravlagde nokre utvalde få av sine døde.
Stonehenge skal ha vore den største gravlunden i Storbritannia på den tida, med aska etter om lag 250 kremeringar.
Men andre arkeologar seier at det er vanskeleg å datere sjølve Stonehenge fordi steinringen har blitt endra og ombygd så mange gongar.
Medan dette har blitt gjort, har arkeologisk materiale blitt gravd opp for så å bli gravd ned på ny ved fleire tilfelle, noko som gjer det vanskeleg å datere den opprinnelege konstruksjonen.
Kjelder: BBC, Wikipedia.