Haute Couture på nynorsk?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snart kan du lese om hotte trendar og «what not to wear» på nynorsk. Sjefredaktøren i Elle, Signy Fardal, opnar for bruk av nynorsk i motemagasinet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Audhild G. Rotevatn og Signy Fardal. (Foto: Kari M. Hestad)Audhild G. Rotevatn og Signy Fardal. (Foto: Kari M. Hestad)

- Eg har aldri vore på eit målmøte «in my life», men eg lovar å prøve ut nynorsk i Elle.

Signy Fardal gjentok denne lovnaden fleire gonger under laurdagens seminar om nynorsk som mediespråk, på Det Norske Teatret i Oslo.

Det var duka for sterke kjensler då journalistar med nynorskbakgrunn møtte målfolk og nynorskmafia til ordskifte i regi av Kringkastingsringen. For korleis er det eigentleg å kome som nynorskjournalist til Oslo-redaksjonane? Og gjer journalistane nok for å halde på målforma si?

I panelet satt mellom anna nyhenderedaktør i Kanal 24 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Kjell-Erik Kallset frå Dagsavisen, Ingvill Tandstad frå NRK Østlandssendingen, VG-journalist Yngve Kvistad, Elle-sjef Signy Fardal og NRKs Ingvild Bryn.

- Det er tungvint å skulle skrive på nynorsk, sa Yngve Kvistad frå VG.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg orka ikkje maset. Ein blir lei av alle klagene som kjem, lei av å bli skoten i ryggen av sine eigne kollegaer. Hadde eg hatt eit støtteappart i VG, ville eg i større grad ha tviheldt på nynorsken.

Fleire av panledeltakarane peika på praktiske føremål som må vere på plass før dei vil skrive på nynorsk, som hjelp på desken og korrekturlesarar som er tryggje på målforma.

Avhengig av brennande hjarta


I dag er det berre Klassekampen, Dagsavisen, Nationen og Vårt Land som opnar for nynorsk. VG og Dagbladet tillet nynorsk frå innsendte innlegg, signerte kommentarar og i større portrettintervju, der dette vil vere naturleg. I Aftenposten er nynorsk strengt forbode, der godtek dei ikkje ein gong kommentarar på nynorsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Redaktørane seier dei er for mangfald, men dette gjeld tydelegvis ikkje språkleg mangfald, kommenterte Dagsavisens Kjell-Erik Kallset tørt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner redaktørane må ta ansvar for meir nynorsk i riksmedia. (Foto: Kari M. Hestad)Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner redaktørane må ta ansvar for meir nynorsk i riksmedia. (Foto: Kari M. Hestad)

- Nynorsk er eit redaktøransvar, slo Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fast.

- Journalistar som skriv på nynorsk blir undertrykte. Det finst mange einsame nynorskingar rundt omkring i redaksjonane. Mange orkar ikkje å ta opp kampen. Men nynorsken er avhengig av dei brennande hjarta.

Etter hennar meining må redaktørane tilsetje nynorskjournalistar og slik sørgje for at nynorsk blir ein naturleg del av riksmedia. Sjølv brukar ho språk som eitt av fleire tilsetjingskriterium:

- I Kanal 24 har vi tilsette frå sju til åtte ulike fylke. Og vi oppmodar nynorskjournalistar til å søkje. Generelt synest eg NRK er flinke; i eteren og på nyhendesida er det nokolunde greitt. Problemet er i livsstilsmagasin som Elle. Der er det null nynorsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg saknar nynorsk i Elle, kunne leiaren i Noregs Mållag, Hege Myklebust skyte inn.

- Men det rare er at eg ikkje ein gong har tenkt tanken tidlegare - at det i det heile tatt kan vere mogleg med nynorsk i eit kulørt motemagasin. Det viser at vi lever i eit bokmålsunivers. Men eg trur at nynorskartiklar vil kunne føre til auke i salet, sa ho vendt til sidekvinna Signy Fardal.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og Elle-redaktøren, som sjølv er ei opphavleg nynorskdame, lova å teste det ut:

- Eg har fleire jenter med meg i redaksjonen som kan skrive nynorsk, sa ho.

Mote på nynorsk


Men Fardal er langt frå overtydd om at nynorsk vil vere eit veleigna språk for å skildre dei nyaste trendane frå catwalken i Paris:

- Etter mi meining har målforma eit avgrensa bruksområde. Nynorsk er ikkje fortreffeleg i alle samanhengar. Vi i motebransjen har jo eit språk som ikkje er norsk i utgangspunktet, og vi vil vere nøydde til å finne på nye ord og uttrykk, noko som inneber eit større arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein slik påstand fekk sjølvsagt ikkje stå usagt i dette forumet. Ein av tilhøyrarane påpeika at om ein kan skrive om haute couture på bokmål, kan ein vel skrive om det på nynorsk óg. Også Rotevatn reagerte sterkt:

- Dette er feil, feil, feil. Vi treng ei nynorsk moteordbok. Og eg melder meg frivillig til dette arbeidet, her og no, sa ho.

Ideen fekk også sterk støtte frå Mållaget:

- Om Elle blir det første kulørte livsstilsmagasinet på nynorsk, kan eg love deg eit støtteapparat i Noregs Mållag, sa dagleg leiar Gro Morken Endresen, til stor applaus frå salen.

Seminaret

«Språkreisa - nynorskingar i media»

blei arrangert av Kringkastingsringen og gjekk føre seg på Det Norske Teatret laurdag 19. januar. Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rom i allmennkringkastinga og i media elles.