Per Arne Kalbakk vann Nynorsk redaktørpris 2006

Artikkelen fortsetter under annonsen

Distriktsredaktør Per Arne Kalbakk har sleppt nynorsken til i NRK Østlandssendingen. For det vann han Nynorsk redaktørpris 2006.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingvill Tandstad tok imot Nynorsk redaktørpris 2006 på vegne av sin redaktør Per Arne Kalbakk. Sunnmørsdialekta til Tandstad har skapt sterke reaksjonar blant fleire av NRK Østlandssendingen sine lyttarar. (Foto: Kari M. Hestad)Ingvill Tandstad tok imot Nynorsk redaktørpris 2006 på vegne av sin redaktør Per Arne Kalbakk. Sunnmørsdialekta til Tandstad har skapt sterke reaksjonar blant fleire av NRK Østlandssendingen sine lyttarar. (Foto: Kari M. Hestad)

- Trass i massiv motstand frå lyttarane har han sendt nyheitene for Oslo og Akershus på lufta i nynorsk språkdrakt. Vi vil ha fleire slike redaktørar, og det er ei stor glede å gje Nynorsk redaktørpris for 2006 til Per Arne Kalbakk, sa leiaren i mediemållaget, Inger Johanne Sæterbakk, då ho delte ut Nynorsk Redaktørpris på Det Norske Teateret laurdag.

Per Arne Kalbakk kunne ikkje sjølv ta imot prisen, men Ingvill Tandstad frå NRK Østlandssendingen takka på vegne av sjefen. Ho les opp austlandsnytt på klingande sunnmørsdialekt, noko som har vekt sterke reaksjonar blant lyttarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hissige reaksjonar


- Det har vore ein sterk motstand mot nynorsk både i og utanfor redaksjonen. Men vi kunne ikkje oppretthalde nynorskforbodet, når vi godtok utanlandske aksentar, sa Per Arne Kalbakk i takketalen som Sæterbakk las opp.

Dei som var til stades under prisutdelinga, fekk høyre nokre av dei illsinte telefonane Østlandssendingen har fått etter at Tandstad byrja som nyhendeopplesar: «Brekande vestlandsdialekt», «kom deg heim til Vestlandet» og «denne forferdelege sunnmørsdialekta som er umogleg å forstå» er til døme nokre av dei reaksjonane som redaktør Kalbakk karakteriserer som «språkleg rasisme».

Det er særleg den eldre garden av austlendingar som skal ha hissa seg opp over sunnmørsdialekta.

Nynorsk redaktørpris

skal gå til ein redaktør som har vist positiv innstilling til nynorsk og kjempa for det nynorske språket sin rett i media. I 2004 gjekk prisen til tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør Cathrine Sandnes i Dagsavisen. I 2005 gjekk prisen til sjefredaktør Tove Lie i Nationen.

Det er

mediemållaget

som står bak prisen. Mediemållaget skal gje støtte og hjelp til dei som allereie er nynorskbrukande journalistar. I tillegg arbeider laget for meir nynorsk i media.