Pompel og Pilt på Sverresborg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Agnar Mykle og kona Jane Mykle var pionerar i norsk dukketeater. No blir dukkene deira utstilte på Trøndelag Folkemuseum.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre av dukkene til Jane og Agnar Mykle. (Foto: http://www.sverresborg.no/)Nokre av dukkene til Jane og Agnar Mykle. (Foto: http://www.sverresborg.no/)

På Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg opnar dei i dag utstillinga «Dukketeater underveis - Familien Mykle og norsk dukketeater».

Den kjende forfattaren Agnar Mykle og kona Jane Mykle var pionerar i norsk dukketeater, fortel Ann Siri Hegseth Garberg ved Sverresborg til Neste Klikk.

- Utstillinga består av ein 50-60 handdukker, blant anna frå stykket «Ali Baba og dei førti røvarane», «Faust», diverse eventyrfigurar og dukker frå det politiske stykket «Et spill om vår klode». Dette var eit kritisk stykke der Stalin og Churchill var med, og desse dukkene liknar svært på modellane sine. Då stykket blei satt opp, hadde dei til dømes ein slange til å lage røyk ut av Churchill sin sigar, kan Hegseth Garberg fortelje.

Desse to skapningane førte til mange traume for barna som voks opp på syttitalet. Dette er eit bilete av originaldukkene Pompel og Pilt, skapt av Arne Bust Mykle. (Foto: Sverre Følstad / Scanpix)Desse to skapningane førte til mange traume for barna som voks opp på syttitalet. Dette er eit bilete av originaldukkene Pompel og Pilt, skapt av Arne Bust Mykle. (Foto: Sverre Følstad / Scanpix)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er Jane og Agnar Mykle sin son, Arne Bust Mykle, og hans kone Bjørg, som har laga utstillinga. Arne Bust Mykle har drive med dukketeater og har laga dukker sjølv, ikkje minst er han kjend for dei to frakkekledde dukkene Pompel og Pilt, hovudpersonar i den surrealistiske og omstridde barne-TV-serien som blei vist på syttitalet.

Utstillinga opnar i dag klokka 13.00 og varar fram til 28. april. Fylkesordførar Tore Sandvik vil foreta den offisielle opninga. Tatjana Zaitzow, Petrusjka Teater vil bidra.