- Vi skriv mest for menn

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi skriv meir for menn enn for kvinner, vedgår sportsredaktør i VG Knut Åge Hansen. Dette visar også all forsking som har blitt gjort på området.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fotballen må ifølgje sportsredaktørane i VG og Bergens Tidende ta mykje av skulda for at menn dominerer i sportsdekninga til pressa. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)Fotballen må ifølgje sportsredaktørane i VG og Bergens Tidende ta mykje av skulda for at menn dominerer i sportsdekninga til pressa. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

Onsdag denne veka presenterte Neste Klikk resultata av ein forskingsrapport der det blei hevda at kvinnelege idrettsutøvarar ikkje slepp til i media.

Sjølv om kvinneidretten har hatt eit kraftig oppsving dei siste tjue åra, så reflekterer ikkje mediadekninga dette. Den prosentvise delen av kvinneidrett i pressa ligg på same nivå som på 70-talet, det vil seie på om lag 10 prosent. Dette hevdar idretts- og kjønnsforskar Jorid Hovden.

- Sport har jo tradisjonelt vore ei mannsinteresse, og det er stort sett menn som les sportssidene våre, seier sportsredaktør i VG Knut Åge Hansen til Neste Klikk.

- Vi dekker det vi meiner er interessant. Det må alltid vere ein god nyheit som ligg i botn. Men vi skriv mykje om kvinner også, til dømes har vi hatt ei rekkje oppslag om Marit Bjørgen og Linda Grubben. Men fotball er svært viktig, og svært interessant etter vår meining.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskar Jorid Hovden meiner at noko av årsaka til den dårlege mediadekninga, kan vere at det store fleirtalet av sportsjournalistar er menn.

VG har for tida berre éin kvinneleg sportsjournalist. Ifølgje sportsredaktør Knut Åge Hansen har dette samanheng med at det er ein svært utfordrande jobb.

- Dette er ein jobb som passar betre for menn enn for kvinner, hevdar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er snakk om mykje helgejobbing og stort arbeidspress. Men... det er klart, dei kvinnelege journalistane vi har hatt her, gjorde ein minst like god jobb som mennene.

- Kvinner er konfliktsky


Sportsprofilar som Linda Grubben slepp til i avisene. (Foto: Heiko Junge / Scanpix)Sportsprofilar som Linda Grubben slepp til i avisene. (Foto: Heiko Junge / Scanpix)

Hos NRK er situasjonen noko annleis.

- Vi har tolv kvinnelege sportsjournalistar her, seier redaksjonssjef i NRK TV-sporten Mads Yngve Storvik til Neste Klikk.

- Og vi dekker like mykje kvinneidrett som herreidrett. Bortsett frå når det kjem til idrettar som hopp og kombinert, der kvinner er fråverande, eller alpint, der damene gjer det svært dårleg. Norsk fotball har vi ikkje rettane til å vise.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Storvik er heilt einig i at fotball dominerer mediabildet, og at det her er ei svært skeiv fordeling mellom kvinner og menn.

- Men vi skal vise VM i fotball for damer i Kina seinare i år. Så overrepresentasjonen av herreidrett er nok sterkare i VG og Dagbladet enn den er hos oss.

Redaksjonssjefen har gjort seg opp nokre tankar rundt emnet idrett og kjønn. Han har blant anna delteke på eit seminar om emnet, der også landslagstrenar i handball Marit Breivik var med.

- Noko av årsaka til at kvinner ikkje slepp til i media, kan vere at dei er konfliktsky, det er ikkje menn, seier han.

- Marit Breivik seier sjølv at ho unngår konfliktar, ho vil ikkje ta debattar i media. Slik skiljer ho seg til dømes frå trenaren til herrelaget, Gunnar Pettersen. Han snakker rett frå levra. Og slikt blir det oppslag av.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Der NRK-redaktøren i alle fall delvis seier seg einig i den mannlege dominansen - om enn ikkje i NRK, meiner sportsredaktøren i Bergens Tidende, Tore Strand, at heile problemstillinga er feilaktig.

Berre ei myte


- Dette er berre ei myte. Eg er sterkt ueinig i at kvinner er usynlege i sportsdekninga. Det vil seie, eg er ikkje i tvil om at det er fleire menn i avisa om du tel talet på oppslag, men det har med aktivitetsnivå å gjere.

Strand nemner fotballaget Brann som ei av årsakane til mannsdominansen i si avis.

- Vi skriv svært mykje om fotball. Men vi har også mange kvinnelege profilar, som Marit Bjørgen og Liv Grete Skjelbreid Poirée, seier han.