Ein horisontal katastrofe

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ein må trå varsamt når ein skal lage eit minne om ei så stor og alvorleg hending, seier John Audun Hauge, som skal lage minnesmerket over tsunamien i Søraust-Asia i 2004.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fotomanipulasjon som viser korleis skulpturen blir plassert i landskapet. (Foto: John Audun Hauge)Fotomanipulasjon som viser korleis skulpturen blir plassert i landskapet. (Foto: John Audun Hauge)

Hauge sitt forslag til ei horisontal bølgjeform hogd i stein, blei plukka ut blant over 800 andre som deltok i ein internasjonal idékonkurranse utlyst av Utsmykningsfondet i februar 2006. Tre norske og ein nederlandsk kunstnar blei valde ut til å jobbe vidare med utkasta sine, før den endelege vinnaren blei bestemt i slutten av november i fjor.

Då han skulle jobbe fram utkastet til skulpturen, tok han utgangspunkt i årsaka til ulykka: eit jordskjelv langt ute i havet ein stad.

- Eg byrja å jobbe med ringar av vatn som spreidde seg utover frå eit sentrum. Eg laga ein haug med modellskisser i tre ut frå denne tanken, før eg byrja å dele dei opp i fleire delar.

Ein anna, mindre skulptur av Hauge, som viser forskyvningsprinsippet i bølgjeforma. (Foto: John Audun Hauge)Ein anna, mindre skulptur av Hauge, som viser forskyvningsprinsippet i bølgjeforma. (Foto: John Audun Hauge)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Praktiske og estetiske omsyn


Sidan han ville lage monumentet i stein, måtte han tenkje på ei løysing som også var praktisk gjennomførbar i landskapet på vestsida av Bygdøy i Oslo. Ei rekkje praktiske spørsmål, i tillegg til dei estetiske, var med på bestemme korleis den endelege modellen ser ut.

Det opphavlege utkastet var meint å vere lenger frå sjøen, mykje på grunn av restriksjonar frå geologar og andre som meiner noko om kva som må takast omsyn til når ein plasserer eit monument i eit mykje brukt naturområde. Men i samarbeid med juryen har Hauge no bestemt seg for ei plassering ganske nært vatnet, noko han er godt nøgd med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ved ekstrem flo kan det hende at heile skulpturen kjem til å stå heilt nedi vatnet, han er i kontakt med sjøen, og det synest eg passar godt.

Skulpturen blir transportert til staden via sjøvegen, for å gjere minst muleg skade på landskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Larvikitten er ein vakker stein, som kan vere alt frå grov og porøs, til skinande blankpolert. Hauge har eit stort arbeid framføre seg med å bearbeide 10 tonn stein. (Foto: John Audun Hauge)Larvikitten er ein vakker stein, som kan vere alt frå grov og porøs, til skinande blankpolert. Hauge har eit stort arbeid framføre seg med å bearbeide 10 tonn stein. (Foto: John Audun Hauge)

Tsunami-monumentet, som har fått namnet «Interferens», kjem til å vise ei bølgjerørsle med utgangspunkt i ringar som spreier seg i vatnet.

Ordet interferens er forklart i nynorskordboka som samkvem mellom to eller fleire bølgjerørsler, gjensidig (ofte uynskt) innverknad.

Forma er fordelt på fire store blokker som er forskove i forhold til sentrum. Slik blir sentrumet i forma borte, og bølgjene formar eit slags yin-yang-symbol, eit evigheitssymbol på harmoni. Ei forskyving i nivået gjer at det kjem fram brot mellom steinblokkene, noko som minnar om den opprinnelege hendinga, jordskjelvet.

John Audun Hauge blei plukka ut mellom over 800 andre til å lage tsunamimonumentet på Bygdøy i Oslo. (Foto: Inger-Marit Saastad.)John Audun Hauge blei plukka ut mellom over 800 andre til å lage tsunamimonumentet på Bygdøy i Oslo. (Foto: Inger-Marit Saastad.)

Artikkelen fortsetter under annonsen


Horisontal katastrofe

Det var viktig for Hauge å lage eit horisontalt uttrykk.

- Monument har ein tendens til å vere høge, i alle fall i Noreg. Men eg tenkjer på tsunamien som ein horisontal katastrofe, bølgjene som spreier seg utover, det er ikkje noko vertikalt med det. Eg ville også lage eit relativt roleg og

Artikkelen fortsetter under annonsen

kontemplativt

uttrykk, ikkje noko aggressivt og traumatisk.

Det er ikkje første gong kunstnaren jobbar med bølgjer. Heilt sidan 1985 har han jobba med liknande former, mellom anna laga han i 1995 ein bølgjeskulptur som står i ein liten park i regjeringskvartalet. Den skulpturen veg heile 20 tonn, mens dei fire steinblokkene på Bygdøy til saman kjem til å ha vere halvparten så tunge.

Men budsjettet er større denne gongen, heile 2,5 millionar kroner er kostnadsramma for prosjektet. Det er det største budsjettet Hauge har jobba med for eit prosjekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Skulpturen i regjeringskvartalet gav ikkje noko overskot for meg, noko som er svært ergerleg etter ein så stor jobb, men denne gongen trur eg nok eg skal få litt løn for strevet.

Mykje tid har han ikkje på seg, helst ville Utsmykningsfondet at arbeidet skulle vere ferdig til sommaren. Men det tar tid å lage ein så stor skulptur i stein. Hauge får dei fire larvikitt-emna ferdig tilskorne, men derifrå gjer han all hogginga og poleringa sjølv for hand.

- Larvikitten er ein veldig vakker stein, når han blir polert blir han heilt svart og så glatt som glas. Poleringa er ein tidkrevjande prosess, som må gjerast heilt nøyaktig i ti omgangar.


John Audun Hauge reknar med å bli ferdig med skulpturen «Interferens» til hausten.John Audun Hauge reknar med å bli ferdig med skulpturen «Interferens» til hausten.

Ferdig til hausten


Når alt det formelle er i orden, set han i gang arbeidet som skal gå føre seg i eit steinhoggeri i Skjeberg ved Sarpsborg. Han reknar med å vere i gang i februar, og så må det berre ta den tida det tar til skulpturen ligg ferdig ved sjøkanten på Bygdøy. Han ser ikkje for seg at badesesongen er den rette tida for montering av dei digre steinblokkene i det populære naturområdet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Til treårsdagen for katastrofen 26. desember skal han i alle fall vere ferdig, seier Hauge, og satsar på ferdigstilling i løpet av hausten.

Spørsmålet om kvifor vi treng eit symbol for tsunamikatastrofen i Noreg, meiner ikkje Hauge han er den rette til å svare på.

- Det må du spørje støttegruppa for ofra om. Eg gjer berre jobben. Men ein representant for støttegruppa, som sjølv mista fleire familiemedlemmer under ulukka, understreka i ein tale at mange av dei som omkom ikkje blei funne. For dei pårørande kan det vere godt å få ein stad knytt til det som skjedde, dei har ikkje noko grav å gå til.

Monumentet skal fungere som ein minnestad for alle som har noko å minnast, og kan også brukast som ein seremoniell stad. Hauge kjenner ikkje til minnesmerke over tsunamien andre stader i verda. I og med at det ikkje blir noko opplisting av namna til dei omkomne på staden, blir skulpturen ikkje avgrensa til å gjelde dei norske ofra.


Fakta:

  • 230 000 menneske i 12 land miste livet i tsunamikatastrofen i Søraust-Asia andre juledag 2004. I tillegg blei tusenvis hardt skadde, og fleire millionar mista heim og livsgrunnlag.

  • Av dei omkomne var det 84 nordmenn.


Les meir på nettet: