Meny

Beste Bond nokon sinne

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Produsentane av «Casino Royale» ler heile vegen til banken om dagen. Daniel Craig har óg god grunn til å le høgt.

Den 21. offisielle James Bond-filmen «Casino Royale» har slått alle tidlegare Bond-rekordar og så langt brakt inn 2.8 milliardar kroner verda over, fortel The Sydney Morning Herald. Den førre rekorden var det «Die Another Day» frå 2002 som hadde.

Skodespelar Daniel Craig poserer for fotografane under marknadsføring av den siste James Bond-filmen «Casino Royale» i Seoul 11. desember. (Foto: REUTERS/Kim Kyung-Hoon (SOUTH KOREA) / Scanpix)Skodespelar Daniel Craig poserer for fotografane under marknadsføring av den siste James Bond-filmen «Casino Royale» i Seoul 11. desember. (Foto: REUTERS/Kim Kyung-Hoon (SOUTH KOREA) / Scanpix)


Boikottar Daniel Craig


For Bond-debutanten Daniel Craig må denne rekorden kjennast ekstra stas. Då filmprodusentane valde den lyshåra og blå-augde Craig til å vere den sjette James Bond, var det eit kontroversielt og dristig val som fekk mykje pepar.

Ei gruppe Bond-fans starta mellom anna ein boikottaksjon på nettstaden «Daniel Craig Is Not Bond».

Men Daniel Craig har stort sett hausta glimrande kritikkar for si tolking av agent 007, og vår eigen filmmeldar var begeistra for både skodespelaren og filmen.

- Imponerande, seier ekspert


Bond-ekspert og to gonger Kvitt eller dobbelt-vinnar i temaet James Bond, Bernt Ringvold, har berre godord å seie om Craig.

- Han gjer ein imponerande god figur. Ofte må ein Bond-skodespelar bruke eitt par filmar på å gå seg til i rolla, men det er ikkje tilfelle med Daniel Craig. Ein kan slettes ikkje sjå at dette er den første Bond-filmen hans.

Rett nok ser Craig annleis ut enn tidlegare Bond-ar, men det meiner Ringvold berre er småtteri og noko ein fort venner seg til.

- Craig har sjølv sagt at han vil gi alt i denne rolla, og det kan ein sjå. Han speler Bond med stor sikkerheit.

For lite stil


Neste James Bond-film skal vere på plass i 2008, då også med Daniel Craig som James Bond. Filmen vil truleg vere ein slags oppfølgjar til «Casino Royale», noko som ifølgje Bond-ekspert Ringvold er ganske uvanleg:

- Det er lite kontinuitet mellom filmane og det er berre unntaksvis at ein Bond-film har referansar til tidlegare filmar.

«Casino Royale» representerer på fleire vis noko nytt i Bond-samanheng.

- Her har filmskaparane valt å gå tilbake til røtene i dei tidlege Flemming-historiene med meir realisme og mindre usynlege bilar og den slags. Det er interessant og spennande, men etter mi meining har dei gått for langt, seier Ringvold.

- Det har blitt for mykje action og for lite stil.

Like god som Connery?


Så gjenstår det å sjå om Daniel Craig vil greie å etablere seg som ein agent 007 på line med han som Bernt Ringvold, og uendeleg mange med han, meiner er den absolutt beste James Bond, nemleg Sean Connery.

- Eg har sett at somme kritikarar har sagt at Craig har potensial til å bli ein av dei riktig store. Det gjenstår no å sjå!

Her kan du lese kva vår meldar meinte om «Casino Royale».

Fleire filmmeldingar:

Meir om film i Neste Klikk:


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus