Meny

Julematen viktigare enn før

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Nesten annankvar nordmann nemner julematen som noko av det viktigaste med jula. Det er ein auke på over 50 prosent sidan 2002.

Av Jørund Hessevik, NPK

På fire år har nordmenn blitt 50 prosent meir glade i julematen. Men framleis er samveret med familien mest viktig. (Foto: Anne Manglerud, OFK)På fire år har nordmenn blitt 50 prosent meir glade i julematen. Men framleis er samveret med familien mest viktig. (Foto: Anne Manglerud, OFK)

(NPK): Dette kjem fram i ei meiningsmåling som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor. Men framleis er det samveret med familien som er det viktigaste i jula. Nesten sju av ti nemner dette som det viktigaste, også det er ein liten framgang på dei siste fire åra.

Resultata kjem frå ei open meiningsmåling, som betyr at folk måtte svare utan hjelp frå svaralternativ. Spørsmålet frå Sentio var «Kva for juletradisjonar er viktigast for deg?»

Gåvene tar tredjeplassen


Julemat og samveret med familien er dei to kategoriane som skil seg klart ut og blir nemnt oftast. Julegåvene er neste på lista, men dei kjem langt etter med berre 12,7 prosent. Verdt å merke seg er det at kvinner er litt meir glade i julegåver, men set samtidig mindre pris på julehandelen enn menn. Ikkje overraskande er julegåvene mindre viktig jo eldre ein blir.

Kyrkja viktig, bodskapen ikkje


Å gå i kyrkja er viktigare no enn i 2002, 12 prosent nemner julegudstenesta som ein viktig tradisjon. Men sjølve julebodskapen er ikkje like viktig lenger, berre 3,8 prosent nemner den, noko som er nesten ei halvering av oppslutninga frå sist måling.

Juletreet får større plass


Juletreet er i større grad i sentrum. 8,3 prosent nemner at juletregangen er viktig, ein framgang på 2,5 prosentpoeng. Dei som set mest pris på julebodskapen er minst glade i juletregangen. Eit noko pussig poeng her er at dei gruppene som er mest glade i juletrefest, ser ut til å vere minst glade i å gå rundt juletreet.

Bygdefolk mest familiekjære


Folk som er busett i tettstader og på landsbygda set meir pris på samveret med familien enn andre. Bygdefolket set også meir pris på julebodskapen, juletregangen og juletrefest. Byfolket set derimot mest pris på julemat og gåver. Det ser også ut til at folk set meir pris på jula jo meir utdanning ein har.

Ein av tusen går julebukk


Det er også verd å ta med at 3,4 prosent av dei som svarte trekk fram julemusikken som ein viktig tradisjon. Dei andre kategoriane som er trekt fram er å sende julekort, sjå juleprogram på fjernsyn, gå på julehandel og å lese julehefte. Alle er nemnd av rundt ein prosent av folket. Og skal ein tru statistikken går ein av tusen no rundt og gler seg til å gå julebukk. (NPK)
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus