Eldre, velutdanna by-kvinner vil i Operaen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Høgt utdanna kvinner over 50 år, med adresse Oslo eller Akershus, er blant dei det er mest sannsynleg å støyte på under framsyningar i Den Norske Opera når nybygget i Bjørvika står klart.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

Det nye operabygget i Bjørvika i Oslo, slik det såg ut 3. desember 2006. (Foto: Statsbygg, Statsbygg)Det nye operabygget i Bjørvika i Oslo, slik det såg ut 3. desember 2006. (Foto: Statsbygg, Statsbygg)

(NPK): I ei undersøking som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor, svarar eit fleirtal på 516 ja på at dei kan tenkje seg å gå i Operaen når nybygget er ferdig neste haust. 458 svarar nei, og 26 veit ikkje.

Vel 55 prosent av dei spurde kvinnene og nesten 48 prosent av mennene vil gå i Operaen.

Minst interesse i vest


Det er i hovudsak eit velutdanna og urbant publikum den nye operasjefen, Kai Remlov, kan vente seg. Over 70 prosent av dei som svarar ja til at dei vil gå i Operaen, har høgskule eller universitetsutdaning, og 69,5 prosent er busette i Oslo eller Akershus. Blant vestlendingane er det flest som svarar nei på spørsmålet, det vil seia 60,8 prosent. I Nord-Noreg derimot, svara 48 prosent at dei vil gå i den nye Operaen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Litt overraskande er det kanskje at det er blant folk i husstandar med inntekt frå 300.000 til 400.000 som svarar at dei vil gå i Operaen (66,7 prosent). I inntektsgruppa over, frå 400.000 til 500.000 kroner i året, er det berre 42 prosent som svarar ja på dette spørsmålet, medan cirka 59 prosent av dei som tener over 500.000 gjerne vil ta ein tur i Operaen.

Venstre og høgre


Undersøkinga viser elles at det er blant Venstre-veljarane at det er flest operainteresserte - heile 80,8 prosent. Dernest er det blant Høgre-veljarane ein kan rekne med flest publikummarar til framsyningane i det nye bygget.

I andre enden av skalaen er Frp-veljarane. Av dei er det berre 37,4 prosent som svarar at dei kan tenkje seg eit operabesøk, medan 60,5 prosent svarar at dei ikkje vil. (NPK)