Pink Floyds auge til sals

Artikkelen fortsetter under annonsen

To svære augeeple, brukte under lanseringa av Pink Floyds DVD «Pulse», blir no auksjonerte bort på eBay.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dave Gilmour, Roger Waters, Nick Mason og Rick Wright frå Pink Floyd, under Live 8-konserten i Hyde Park, London, 2. juli 2005. (Foto: Reuters / Stephen Hird / Scanpix)Dave Gilmour, Roger Waters, Nick Mason og Rick Wright frå Pink Floyd, under Live 8-konserten i Hyde Park, London, 2. juli 2005. (Foto: Reuters / Stephen Hird / Scanpix)

Frå i dag av kan ein leggje inn bod på dei gigantiske augeepla, som blei laga etter coveret på dvd-en, designa av Storm Thorgerson.

Pengane skal i følgje

BBC

gå til organisasjonen Crisis, som hjelper heimlause. David Gilmor frå Pink Floyd, som har støtta Crisis lenge, seier til BBC at desse kan trenge litt ekstra hjelp no om vinteren.

Men aksjonen er ikkje berre for pengane, understrekar Gilmor. Han håpar også at det vil skape merksemd om dei heimlause, på den tida av året då dei er mest sårbare.

Organisasjonen Crisis skal opne sju senter i London mellom 23. og 30. desember, der dei heimlause kan få hjelp og støtte. Organisasjonen har gitt håp og fellesskap til heimlause menneske i 35 år. Meir enn 5000 frivillige jobbar for den årlege Crisis Open Christmas-tilskipinga.