Kulturrådet støttar pornofilm
Skodespelar og performancekunstnar Kate Pendry som prinsesse Diana i «Charlie Pendry's Talking Head». No skal ho spele inn pornofilm som ein del av eit kunstprosjekt. (Foto: www.deaddiana.com/ Scanpix).
(NPK): Pornofilmen utgjer eitt av elementa i sceneproduksjonen «Pornography» til kunstnaren Kate Pendry.
Berre to av kulturrådets medlemmer, Knut Haavik og den tidlegare stortingsrepresentanten Hallgrim Berg, stemte mot å gi 859.000 kroner til prosjektet. Dei ti andre stemte for.
Haavik seier han ikkje meiner det er riktig å gi skattepengar til pornoproduksjon, fordi han ikkje meiner det er kunst.
I søknaden sin til Norsk Kulturråd har Kate Pendry gjort greie for ideen sin med kunstprosjektet. Ho ønskjer å undersøkje seksualiseringa av samfunnet og spesielt korleis kulturen vår er blitt pornografisert. Mellom anna vil ho sjå på konsekvensane av denne utviklinga. (NPK)