Eit kulturelt lappeteppe

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er heilt vanleg å ha fleire språk i eit land. Island er det einaste landet i heile Europa som berre har eitt språk, fortel Sigve Gramstad, avtroppande leiar av ekspertkomiteen for den europeiske

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekspertkomiteen ligg under Europarådet, og arbeidet deira er i hovudsak å vurdere rapportane medlemslanda må sende inn kvart tredje år.

Komiteen gir så anbefalingar til ministerrådet om kva tilrådingar som skal givast til det enkelte landet for at dei skal kunne verne minoritetsspråka sine best mogleg. Dei er i kontinuerleg kontakt med styresmaktene i landa og med ministerrådet, og sikrar slik at det heile tida er fokus på spørsmål om minoritetsspråk.

Sigve Gramstad har vore leiar av ekspertkomiteen for den europeiske språkpakta i åtte år. (Foto: Norsk Plan)Sigve Gramstad har vore leiar av ekspertkomiteen for den europeiske språkpakta i åtte år. (Foto: Norsk Plan)


Nokre og tjue land har slutta seg til den europeiske språkpakta, som skal sikre vern av minoritets- og regionsspråk. Pakta vernar språk på to måtar: Ein generell del gir alle minoritetsspråk i landet vern, i tillegg kan særskilt nemnde språk få spesielt vern. Noreg har slutta seg til pakta med særlege reglar for samisk. I tillegg gjeld pakta for romani, romanes og kvensk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvensk, romani og romanes


- Romanes er språket for Romafolket (sigøynarane), medan romani er språket for dei reisande (taterane). Somme land ser på desse to språka som variantar av det same språket, fortel Gramstad.

- Kvensk har utvikla seg frå finsk gjennom finsk innvandring til Noreg, og blei etter kvart eit eige språk etter påverking frå norsk og samisk.

Av dei tre språka er det kvensk som kan sjå ut som det har best kår i dag.

- Ein har sett ei oppblomstring av det kvenske språket etter at dei blei godkjent som minoritetsspråk, fortel han. - Men det er mykje nybrotsarbeid som skal til for at språket skal bli synleg. Ein må jobbe med å utvikle terminologi, vinna att domene og etablere språket på nytt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Inntil vidare blir den finske stavemåten brukt, sjølv om språket har fjerna seg ganske mykje frå finsk opp igjennom historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kvensk har vore skrive tidlegare, så det finst skriftlege kjelder ein kan bruke. Men på eit tidspunkt forsvann skriftspråket i fornorskingsprosessen.

Populært studium


Ein kan i dag studere i kvensk språk, kultur og litteratur på universitetet i Tromsø, eit tilbod som har synt seg å bli mykje meir populært enn ein hadde sett føre seg. Rett før jul i 2005 opna Kvensk Institutt nybygg i Børselv i Lakselv kommune. Instituttet jobbar med å synleggjere språket og kulturen.

Noreg har ikkje ratifisert pakta for nynorsk.

- Ein kan sjå på nynorsken som ein variant av det offisielle språket, nemleg norsk, som har to målformer. Eit land kan ratifisere for mindre brukte, offisielle språk, men det har altså ikkje Noreg gjort, forklarer Gramstad.

Kring 60 europeiske språk er verna av språkpakta, men språksituasjonane er langt fleire. Til dømes er tysk verna som minoritetsspråk i mange land, som til dømes Danmark, Slovakia og Ungarn. Om lag 30 millionar minoritetsspråkbrukarar får vern av språkpakta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mangfald er viktig


- Det politiske grunnlaget for konvensjonen er ei brei semje i Europa om at kulturelt og språkleg mangfald er viktig, meiner Sigve Gramstad. - Det er det kulturelle mangfaldet som er den europeiske identiteten. Dette er ei erkjenning om at viss du kjem frå ein kultur, så har du ein rett til den kulturen. Europa er eit lappeteppe av språk og kulturar, og det er brei politisk støtte for at ein må kjenne sin eigen bakgrunn for å kunne delta i ein større samanheng.


Les meir på nettet:

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida: