Då Hana møtte henne....

«Da Hana møtte Henne...»: - eit musikalsk møte mellom Espen og Hana og Karoline Krüger er den eine av sju premiereførestellingar på Rogaland Teater våren 2007.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Da Hana møtte Henne...»: Espen Hana og Karoline Krüger har lenge hatt lyst til å samarbeide på scena. No vert det ein realitet på Rogaland Teater. (Foto: Rogaland Teater, NPK)«Da Hana møtte Henne...»: Espen Hana og Karoline Krüger har lenge hatt lyst til å samarbeide på scena. No vert det ein realitet på Rogaland Teater. (Foto: Rogaland Teater, NPK)


Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Programmet byr på stor breidde og spenner frå Jon Fosses «Dødsvariasjonar» til ein av klassikarane i verdslitteraturen, Leo Tolstojs «Anna Karenina». Og midt i det alvorlege altså, eit vittig og virtuost møte mellom Espen Hana og Karoline Krüger, begge væpna med kvart sitt piano. Mellom dei på scena har Atle Halstensen plasserte sine tangentinstrument.

På Intimscenen har Jon Fosses «Dødsvariasjonar» premiere i januar. Dødsvariasjonar handlar om forholdet mellom ein mann og ei kvinne, og eit sjølvmord. Den einaste sonen til eit fråskilt ektepar tek sitt eige liv. Korleis kan noko slikt skje?

Intimscenen byr også på «Cooking with Elvis» av Lee Hall.

Ifølgje pressemeldinga ei mørk komedie om sex, mat og draumen om kongen av rock n'roll!

I Teaterhallen blir stykket «Verkeleg» av den norske dramatikaren Gyrid Axe Øvsteng ei spanande premiere.

Kor langt er du villig til å gå, er spørsmålet stykket tek opp. Det er eit nyskrive thrillerdrama for ungdom, og blir sagt å vere ein tankevekkjande kommentar til ein mediekvardag som kanskje er nærare vår eigen enn vi likar å tenkje på.

Hovudscenen byr som nemnt på «Anna Karenina», historia om ei ung kvinne som forlet mann og barn til fordel stormfull kjærleik. Anna Karenina er rekna som eit av meisterverka i verdslitteraturen.

«Mislykte nordmenn» av Jesper Halle stiller ein del spørsmål som vedkjem dei fleste nordmenn.

Noreg er verdas beste land å bu i. Men er det verkeleg typisk norsk? Er vi best? Eller i alle fall god? Er det ikkje lenger rom for å vere ein heilt vanleg, litt mislykka, kvardagshelt? «Mislykte nordmenn» er eit muntert skråblikk på det norske samfunnet og den norske veremåten av i dag.

Stavanger Konserthus er scenen for «Grader av Hvitt» av Johan Harstad og komponisten Nils Henrik Asheim. Dette er eit bestillingsverk frå Stavanger Symfoniorkester og urframføringa er eit samarbeid mellom Stavanger 2008/Stavanger Symfoniorkester og Rogaland Teater. Verket er støtta av Norsk kulturråd. (NPK)

Personvernpolicy