Ikkje stol blindt på metaforane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Metaforane gjer språket vårt rikare. Men dei gjer også læringa vanskeleg for minoritetsspråklege skuleelevar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Metaforane kan stå i vegen for læring hos minoritetsspråklege elevar, tyder ei undersøking på.Metaforane kan stå i vegen for læring hos minoritetsspråklege elevar, tyder ei undersøking på.

Førstelektor Norunn Askeland ved Høgskolen i Vestfold er i følgje Forskning.no ei av dei som har sett nærmare på bruken av metaforar i lærebøker, og kva desse gjer med forståinga av stoffet for elevar som ikkje har norsk som morsmål.


Tre fag


Ho har sett på metaforbruken i lærebøker for norsk, naturfag og matematikk. Undersøkinga blei gjort ved at elevane skulle streke under ord og uttrykk dei ikkje forstod i teksten.

Askeland fann at det er spesielt biletsvake metaforar, uttrykk henta frå miljø elevane ikkje kjenner til og metaforar med fleire ord som er vanskelege for minoritetsspråklege elevar.

Dei biletsvake metaforane er til dømes ikkje alltid lette å gjennomskode som metaforar, til dømes «å stole blindt på nokon» eller «å gå i gang med noko».

Men også uttrykk som «tidsbrytar», «smørblid», «idemyldring» og «å treffe eit ømt punkt» byr på problem for framandspråklege.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjernereaksjon

Naturfagbøkene har mange metaforar som godt kan skape problem også for elevar som har norsk som morsmål. «Kjernereaksjon», «reflektere» og «spekter» er døme på slike, som kanskje kunne ha tent på ei forklaring.

I matematikken blir ein del omgrep og metaforar tatt for gitt, og å forklare desse gjer kanskje ikkje matematikken lettare. - Men jo meir ein forstår jo lettare er det kanskje at ein ikkje dett heilt av, meiner Askeland.

Ho nemner og ei jente på 11 år som snakka godt norsk, men ikkje forstod ordet «skitrekk». Ein kan ikkje lenger gå ut frå at elevane er fortrulege med skisport og ord frå det feltet.

Askeland meiner at det kan vere til god hjelp å finne ut kva metaforar som finst på eleven sitt eige språk, og nytte dette i undervisninga i alle fag. Ho foreslår også at forlaga bruker minoritetselevar og morsmålslærarar som konsulentar når det skal lagast nye lærebøker.

Kjelde:

Forskning.no


ABC Startsida: