T-skjorte speler luftgitar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Siste nytt for ihuga luftgitaristar: Ei T-skjorte som fangar opp spelerørslene dine og lagar musikk av dei.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Australske vitskapsfolk har funne opp plagget «wearable instrument shirt», eller «instrumentskjorte til å ha på seg», om du vil.

Richard Helmer frå CSIRO har vore med og utvikla ei T-skjorte som omset lufgitarspeling til musikk. (Foto: CSIRO)Richard Helmer frå CSIRO har vore med og utvikla ei T-skjorte som omset lufgitarspeling til musikk. (Foto: CSIRO)

Rørsler blir lyd


T-skjorta har faktisk, tru det eller ei, sensorar i olbogen og i ermet som registrerer og tolkar rørslene til den som «speler».

- Ein arm styrer akkordane medan den andre styrer strengene, akkurat som på ein vanleg gitar, seier ein av oppfinnarane, Richard Helmer frå den australske forskingsorganisasjonen CSIRO.

Ein trådlaus radiosendar med gitarmusikk speler av musikken rørslene skulle tilseie.

- Til og med folk utan særleg musikalsk eller teknisk innsikt skal kunne greie dette, meiner Helmer.

- Plagg for framtida


Ein gong i året vert det arrangert noregsmeisterskap i luftgitar i Trondheim, og leiar for NM, Magnus Langli, seier til Neste Klikk at han har høyrt nyss om slike T-skjorter tidlegare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om dei eigentleg strir mot dei etablerte reglane for luftgitarspeling, nemleg at ein speler med musikk i bakgrunnen, så ser ikkje Langli bort frå at slike plagg på sikt kan bli aktuelle å nytte også i konkurransesamanheng.

- Kanskje me bruker slik i NM i framtida, kven veit. Det høyrest jo ganske tøft ut!

Kjelder: NZ Herald, CSIRO

Meir i Neste Klikk: