Den sunne, rare samen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle ungar skal lære om samane på skulen, står det i Læreplanen. Men kva er det dei lærer?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samane blir framstilte som sunne, friske og heterofile, med eit tradisjonelt kjønnsmønster, i lærebøker som blir brukte i norske skular.Samane blir framstilte som sunne, friske og heterofile, med eit tradisjonelt kjønnsmønster, i lærebøker som blir brukte i norske skular.

Professor Susanne V. Knudsen ved Høgskolen i Vestfold har undersøkt korleis samane blir omtala i lærebøker i samfunnskunnskap, KRL og norsk.

Eit kapittel for seg


Spesielt har ho teke for seg ei norskbok for ungdomstrinnet, «Fra Saga til CD» frå 1997. Boka har seks kapittel, der dei fem første handlar om den norske litteraturhistoria. I desse fem kapitla står det ingen ting om samisk litteratur, men det siste kapittelet i boka er vigd ei framstilling om samane og kulturen deira.

- Dette viser at samane blir definert som annleis, seier Knudsen til

Forskning.no.


Ambivalent haldning


Samane blir ifølgje Knudsen framstilt som eit homogent, nomadisk naturfolk. Samstundes blir det lagt vekt på historia med undertrykking og tvangskristning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Læreboka har på ei side solidaritet med dei primitive, på den andre sida blir integreringa halde fram som noko positivt. Dette speglar ei ambivalent haldning til samane, meiner Knudsen.

Sunn og ekskludert


Samane blir framstilte som sunne, friske og heterofile, med eit tradisjonelt kjønnsmønster.

- Det finst ikkje handikappa samar, skal vi tru framstillinga i boka, seier Knudsen. - Dei er heller ikkje feite, skalla eller blinde, men representerer ein sunn identitet i ein funksjonell og frisk kropp, meiner forskaren.

- Å framstille samane på denne måten bidreg til å ekskludere dei frå den norske samanhengen, meiner Susanne V. Knudsen.


Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida: