Lomheim legg seg flat

Artikkelen fortsetter under annonsen

Direktør Sylfest Lomheim har fått skarp kritikk av styret i Språkrådet for utspelet sitt om «etniske nordmenn». Lomheim vedgår at han gjorde ein dårleg jobb.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Erlend Aas / SCANPIX)(Foto: Erlend Aas / SCANPIX)

(NPK): Det var rådgjevar Svein Nestor i Språkrådet som først fekk snøballen til å rulle. Det skjedde då vekemagasinet Ny Tid i ein e-post sist veke bad Språkrådet om eit alternativ til omgrepet «etnisk norsk». Dei meinte omgrepet virka ekskluderande for nordmenn med bakgrunn frå utlandet.

Svaret dei fekk var at Nestor omtrent set likskapsteikn mellom «nordmann» og «etnisk nordmann». I brevet skriv blant anna Svein Nestor at «en pakistaner som bosetter seg i Norge (blir) ikke nordmann, heller ikke om han blir norsk statsborger. Han er uansett pakistaner (...)».

Akkurat denne formuleringa erklærer Sylfest Lomheim no som død og makteslaus.

- Når det gjeld spørsmålet om kva slags ord Språkrådet ville tilrådd i staden for etnisk nordmann, så fekk svaret vi gav ei form som det ikkje burde hatt og som lett kunne bli feiltolka. Og på dette punktet må eg leggje meg heilt flat, seier Sylfest Lomheim til Dagsavisen. Direktøren stadfestar at e-posten blei lest og godkjent av han sjølv.

- Eg har sagt meg lei for at debatten kom skeivt ut på grunn av denne e-posten. Men svaret vi gav til Ny Tid, om at det går an å bruke omgrepet «etnisk nordmann», står fast. Men det blei også skrive mykje i den e-posten som aldri skulle stått der, seier Sylfest Lomheim. (NPK)