«Folkeavstemming» om nynorsk

Møre og Romsdal er eitt av fylka som no tek stilling til om dei framleis skal nytte nynorsk som administrasjonsspråk. Innbyggjarane er ikkje i tvil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)

Oslo (ANB): Ifølgje ei meiningsmåling gjort i regi av Noregs Mållag vil 50,6 prosent av møringar og romsdalingar ha behalde nynorsken, medan 44,8 prosent seier nei. Interessant nok er kvinnene meir positive til skriftsspråket som ligg nærast opp til dialektane i Møre og Romsdal enn mennene i regionen.

- Det er svært gledeleg for utsiktene til framleis å ha nynorsk i fylket, at eit fleirtal av innbyggjarane ynskjer nett det, seier Mållaget.

No er det opp til fylkestinget i fylket å bestemme framtida til nynorsken som administrasjonsspråk. Det skjer på møtet 6. desember. (ANB)

Personvernpolicy