Kultur-klikk: Sosialisten og Koht i parken

Leiaren av SU tar til orde for meir graffiti i skolen. Sjølv skulle ho gjerne vore trommis i eit metal-band og ete nugatti av og med Christine Koht.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Namn:

Kirsti Bergstø

Alder:

25

Bur:

Oslo

Jobbar med:

Leiar i Sosialistisk Ungdom

Sivilstatus:

Forelska

- Kva bok les du for tida?


- «Kapitalet.se» av Mikael Nyberg.

- Kva er den beste filmen du har sett?


- Det er vanskeleg å velje! Både «Kill Bill», «Dirty Dancing» og «Zombie and the ghosttrain» kjem høgt opp på lista, men til kvar si tid, for å seie det sånn.

Kirsti Bergstø ønskjer at det var ungdomshus i alle kommunar. Der kunne ungdommen sjølv bestemt kva dei skulle gjere. (Foto: sv.no)Kirsti Bergstø ønskjer at det var ungdomshus i alle kommunar. Der kunne ungdommen sjølv bestemt kva dei skulle gjere. (Foto: sv.no)


- Kva CD vil du anbefale?


- «Collect Your Hazardous Waste» av Miksha.


- Kan du nemne tre ord du assosierer med kultur?


- Folk, fargar og kjensler.

- Kva vil det seie å vere kulturell?


- Å ta del i kulturlivet på ein eller annan måte. Det kan jo vere alt fra å vere med i den lokale revyen, til å gå på kino eller spele i band.

- Brukar me for mykje eller for lite pengar på kultur her i landet?


- Den raud-grøne regjeringa har gjennomført eit enormt løft når det gjeld kultur, så heldigvis skal det brukast meir pengar på kultur no! Det vil forhåpentlegvis gjere at kulturtilbodet blir breiare og billegare å delta på.

- Brukar du sjølv mykje pengar på kultur (konsertar, bøker, teater osb)?


- Eg går på konsertar og festivalar når eg har tid og råd, men det er alt for dyrt til å gjere det så ofte som eg ønskjer.

- Viss du vart kulturminister, kva er den første saka du ville tatt tak i?


- Eg ville ha jobba for ungdomshus i alle kommunar, der ungdom sjølv får bestemme kva dei vil gjere. Slike ungdomshus er heilt naudsynte for å ha ein plass til å gjere det ein likar, som til dømes ha øvingslokale for bandet sitt eller ein stad å drive med teater. Ungdommens hus i Alta er eit veldig godt døme på det. I tillegg ville eg gjennomført ei storsatsing på fotball for jenter.

- Er det felt innan kulturen du ikkje kjenner, men som du kunne tenkje deg å bli betre kjend med?


- Det er vel eigentleg ganske mange felt eg ikkje kjenner godt nok. Eg har til dømes aldri vore på opera. Stort sett får me jo kjennskap til ulik kultur gjennom skolen, som når me deltek på teater eller konsert som ein del av opplæringa. Det burde vore langt breiare presentasjon av kultur i skulen, til dømes burde elevane få høve til å bli kjende med graffitikunst eller ulike musikksjangrar.

- Kva kulturperson kunne du tenkje deg å ha piknik med? Kva skulle de finne på, utanom å ete?


- Kunne gjerne tenkt meg ein piknik med Christine Koht. Kanskje vi kan ete brødskiver med nugatti. Litt på brødskiva og litt på ho, liksom. Om ho vil. Nam-nam.


- Kva yrke innan kulturlivet kunne du tenkje deg å prøve?


- Eg har alltid drøymt om å spele trommer. Ikkje berre spele, men vere dritgod. Så eg ville nok ha valt å vere trommis. I eit metal-band.

- Er TV kultur eller ukultur? Er det nokre spesielle TV-program du følgjer med på?


- TV er ein del av kulturen vår, sjølv om folk liker ulike program. Eg prøver å få med meg nyheitene, elles ser eg det meste som verkar underhaldande på NRK. Eg blir så utruleg lei av all reklamen på dei andre kanalane.


- Kva er spesielt for norsk kultur?


- Norsk kultur er forskjellig, mangfaldig og folkeleg. Revykulturen er eit godt døme på det.
Tidlegare i Kultur-klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy