Vil lage samekufter i Kina

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bunadworld.com, som allereie har sjokkert med å produsere norske bunader i Kina, kastar seg no også over samekuftene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Magnhild Mathisen håper å få fortgang i arbeidet med å få patentbeskytta den samiske kufta. (Foto: Sametinget.no)Magnhild Mathisen håper å få fortgang i arbeidet med å få patentbeskytta den samiske kufta. (Foto: Sametinget.no)

Steinar Nordeng i Bunadworld.com fekk bunadsfolket til å sjå raudt då han starta med produksjon av norske bunader i Kina. No vil han utvide produksjonen til å også omfatte samekufter.

Vil låne kufter


- No er eg på jakt etter å få lånt nokre kufter eg kan ta med meg til Kina, seier Nordeng til avisa

Ságat

.

I følgje Nordeng vil ikkje kufter sydde i Kina vere dårlegare enn dei som er sydde av samiske handverkarar.

Men sametingsrepresentant Magnhild Mathisen, som også syr kufter, håper å få fortgang i arbeidet med å få patentbeskytta den samiske kufta.

Låg pris


Bunadworld sel allereie fleire norske bunader til langt lågare pris enn ein må ut med for dei på Husfliden. Grunna låge kinesiske lønningar kan dei selje til dømes nordlandsbunaden til dame omlag 25% billegare enn konkurrenten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fabrikken i Kina har gode arbeidsforhold og driv ikkje med barnearbeid, ifølgje Bunadworld.com. (Foto: Bunadworld.com)Fabrikken i Kina har gode arbeidsforhold og driv ikkje med barnearbeid, ifølgje Bunadworld.com. (Foto: Bunadworld.com)

Både stoff, saum og broderi produserast i Kina.

Tusenårige broderitradisjonar


- Kinesarane har tusenårige tradisjonar i brodering, og er kjende for broderi så vakre at vi trur det er måleri. Det er ingenting å utsetje på det handverksmessige, seier Nordeng til avisa

Nordlys

.

Piratkopiering


Norges Husflidslag ser på kinaproduksjonen som piratkopiering, men når ikkje fram juridisk.

To kinesiske sydamer iførd nordlandsbunader, skreddersydde for norske damer. (Foto: Bunadworld.com)To kinesiske sydamer iførd nordlandsbunader, skreddersydde for norske damer. (Foto: Bunadworld.com)

- Det er vanskeleg å dokumentere opphavsrett til bunadene, seier Tove Gulsvik, Administrerande direktør i Norges Husflidslag til Nordlys. Ho understrekar at dei synest utflagginga av norsk kulturarv er etisk betenkeleg.

Utvatnar tradisjonane


Også Husfliden er uroa over situasjonen.

- Vi synest det er trist at tradisjonane våre blir utvatna på denne måten, seier Anne Lise Hopstad, dagleg leiar ved Husfliden i Bodø. - Kundane som kjøper denne bunaden får ein kopi frå Kina kor handverksteknikkar og tradisjonar ikkje er ivaretatt, meiner Hopstad.


Kjelder:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving