Traa eller Nilssen årets rollemodell?
Det er ein bukett med sterke kvinner Det Nye har plukka ut til å konkurrere om å bli årets rollemodell.
Nilssen og Traa er i selskap med NRK-programleiar Christine Koht, artist Mira Craig, redaktør og forfattar Martine Aurdal, SV-politikar Inga Marte Thorkildsen, Idol-programleiar Solveig Kloppen og tidlegare realitydeltakar Barbro Fagerbakk.
- Eg er febrilsk redd for å kome på sisteplass, seier Olaug Nilssen til
NRK Sogn og Fjordane
. Ho avslører at ho har sendt meldingar til vener og kjende om at dei må stemme på ho.
Flaut
Kvifor akkurat ho skulle blitt årets rollemodell, har ho ikkje noko svar på.
- Fleire har spurt meg om det, men det er berre heilt dødsflaut å svare på, seier den kritikarroste forfattaren.
Nynorsk ung kvinne
Det Nye
har likevel fått henne til å seie noko om seg sjølv som rollemodell:
- Eg trur at det finst ein del nynorske unge kvinner som synest det er fint at ei anna ung nynorsk kvinne får merksemd i media. Dersom nokon har meg som førebilete med det inntrykket at eg er uredd i debattar, så gjerne det, men eg er berre god til å presse meg sjølv til å gjere ting eg er redd for.
Fleire ideal
Nilssen er sikker på kva ho ville ha brukt spalteplassen til viss ho skulle vinne kåringa, fortel ho til NRK. Då skal ho snakke om at det ikkje berre finst eitt skjønnheitsideal.
- Dei folka du blir glad i og synes er vakre er jo stort sett dei som er engasjerte og ivrige og som er glade i deg tilbake igjen. Då har det så utruleg lite å seie korleis kroppen din ser ut, og det trur eg eigentleg alle veit, seier Olaug Nilssen, som i desse dagar er aktuell med
musikalen Skyfri himmel
på Rogaland Teater.
Kjelder:
Meir om Olaug Nilssen i Neste Klikk:
- Teaterdebutant med premierenervar
Melding av
Få meg på, for faen
Litt.klikk
Bygdisar og byfolk
Sommarklikk