Nye nynorske salmar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Torsdag 2. november kan vi gle oss over urframføringa av tre splitter nye feiringssalmar på nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenoren Sveinung Hølmebakk urframfører tre nye feiringssalmar på Det Norske Teatret neste torsdag. (Foto: sveinung.no)Tenoren Sveinung Hølmebakk urframfører tre nye feiringssalmar på Det Norske Teatret neste torsdag. (Foto: sveinung.no)

Det mangla ikkje på respons då Nynorsk Kultursentrum inviterte til salmekonkurranse. Av 100 innsende bidrag er det kåra tre vinnarsalmar som blir urframførde på Det Norske Teatret neste torsdag.

Det blir tenoren Sveinung Hølmebakk som får æra av å syngje dei ferske feiringssalmane for første gong. Kven som har skrive songane, vil derimot ikkje Nynorsk Kultursentrum ut med før sjølve urframføringa.

Hemmeleg innhald

Innhaldet er også hemmeleg inntil vidare, men sidan temaet som var gitt var feiringssalmar, er det sjølvsagt mykje fest og glede i tekstane, får vi vite i ei pressemelding frå Aasentunet.

Songaren Sveinung Hølmebakk er kanskje mest kjend som ein av tre tenorar i Nordic Tenors, som har gjort stor suksess med showet «Bella Notte» mellom anna på Christiania Teater i hovudstaden. Men Hølmebakk har også solid salmeerfaring, og har gitt ut tre eigne CD-ar med salmar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Mykje å gle seg over


Juryleiaren, som er forfattaren og teologen Oskar Stein Bjørlykke, er glad for å kunne presentere tre verdige vinnarar etter å ha gått gjennom dei innkomne bidraga.

Valgerd Svarstad Haugland har sete i juryen saman med Oskar Stein Bjørlykke, Henning Sommero og Evy Kvamsdal. (Foto: Odin)Valgerd Svarstad Haugland har sete i juryen saman med Oskar Stein Bjørlykke, Henning Sommero og Evy Kvamsdal. (Foto: Odin)


- Det er imponerande mange salmetekstar og melodiar vi har fått til vurdering. Mange av tekstane og melodiane har nok lege på det jamne, og under det, men i ein del av materialet var det absolutt mykje å gle seg over, seier juryleiaren i pressemeldinga.

Glede og håp


Grunnlaget for salmekonkurransen var altså ei etterlysing av fleire feiringssalmar til bruk ved dåp, konfirmasjon og bryllaup.

I tillegg til Bjørlykke sat musikar og komponist Henning Sommero, prost Evy Kvamsdal og Valgerd Svarstad Haugland i juryen.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving