Kommunestyremøte med kunst og poesi

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Tynset kommune vedtok at dei ville vere ein kulturkommune, tok administrasjonen politikarane på ordet. - No har me kultur på kommunestyremøta, fortel kultursjefen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kultursjefen i Tynset heiter Jon Ole Hokstad, og sjølv om han for tida er på tur i Roma, vil han gjerne få skryte av kva dei har fått til i heimkommunen.

Dei folkevalde i Tynset får ti minutt med lokal kultur før kvart kommunestyremøte tek til. (Illustrasjonsfoto: Tynset Dramaten/Tynset kommune)Dei folkevalde i Tynset får ti minutt med lokal kultur før kvart kommunestyremøte tek til. (Illustrasjonsfoto: Tynset Dramaten/Tynset kommune)

- Då me sette oss ei målsetjing om å vere ein kulturkommune, så fekk eg ein idé som eg ønskte å omsetje i praksis, fortel Hokstad.

- Eg ville gjerne at det lokale kulturlivet skulle få bidra, og med det vart ideen om kulturinnslag i forkant av kommunestyremøta fødd.


Kunst til dei folkevalde


Kvar gong kommunestyret samlar seg, får dei servert litt lokal kultur i form av målarkunst, diktlesing, song eller dans. Og ifølgje kultursjefen så er det meir enn nok kultur å ta av i Tynset.
- Me har ein aktiv musikkskule, me har musikk, dans og dramaline på den vidaregåande skulen og me har mange frivillige kulturorganisasjonar.

Om kommunestyremøta blir betre av denne nye praksisen, vil ikkje Hokstad meine noko om, men han fortel at det har vanka mykje positiv omtale både frå dei folkevalde og frå dei som er med og opptrer.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Så langt har me hatt fire-fem kommunestyremøte på denne måten, og eg har ikkje hatt problem i det heile tatt med å skaffe folk til å opptre. Eg har stor tru på at det skal gå like fint i framtida óg.

Vel unnt


Trur han at andre kan ta lærdom av Tynset kommune? Ein lattermild kultursjef svarar:
- Du veit, me ville no helst kunne skryte av å vere den einaste kommunen i landet som er kulturelle på dette viset! Men sjølvsagt, dette er ein god idé, og andre må gjerne kopiere han.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving