Historia om eit fantastisk liv

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Forrest Gump» er ein slik film som ein aldri blir ferdig med. I helga er det på'an igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tom Hanks i filmen «Forrest Gump», ein film du må vere særdeles hardbarka for ikkje å bli rørt av. (Foto: inwaltwetrust.com)Tom Hanks i filmen «Forrest Gump», ein film du må vere særdeles hardbarka for ikkje å bli rørt av. (Foto: inwaltwetrust.com)

Filmen frå 1994 vart ein stor publikums- og kritikarsuksess og vann blant anna heile seks Oscar-statuettar.

Ikkje som alle andre


Forrest Gump (Tom Hanks) er ikkje heilt som alle andre. Han har ein IQ som ligg ein del poeng under gjennomsnittet, han har skjener på beina og ein rygg som er krum.

Då gjer det godt å ha ei kjærleg mor (Sally Field) som passar på.

Mora fortel Forrest at han er nøyaktig som alle dei andre, og at han aldri må la nokon innbille han noko anna.

Opplevingar i kø


Men Forrest Gump får eit alt anna enn ordinært liv.

Han deltek i Vietnam-krigen, spelar fotball på toppnivå, blir meister i bordtennis, helsar på presidentar og lærer Elvis å danse med stil.
Ikkje dårleg for ein gut med eit så enkelt sinn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dyktige skodespelarar


Tom Hanks vart skamrost for si tolking av hovudrolla i denne filmen. Både han og regissør Robert Zemeckis vann kvar sin Oscar for prestasjonane sine.

Robin Wright Penn speler Jenny, Forrest sin beste ven og store kjærleik. (Foto: 25frames.org)Robin Wright Penn speler Jenny, Forrest sin beste ven og store kjærleik. (Foto: 25frames.org)


Av andre skodespelarar finn me blant anna Robin Wright Penn, Gary Sinise, Mykelti Williamson og Sally Field.

Forrest Gump står forresten bak eit av dei mest kjende filmsitata i verda: «Mama always said life was like a box of chocolates. You never know what you're gonna get.»

Filmen om Forrest Gump er basert på boka frå 1985 med same namn. Forfattaren heiter Winston Groom (fødd 1944), og han var sjølv soldat under Vietnamkrigen.

Sendetid


Filmen går på TV 2 laurdag klokka 22.05, har ei anbefalt aldersgrense på 11 år og varar i 2 timar og 22 minutt.

God fornøyelse!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving