Kultur-klikk: Hjorthen meiner

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hjorthen samtalar med omverda gjennom bloggen sin. Men Tom Waits vil han helst sleppe å snakke med.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Namn:

Arne Hjorth Johansen.

Alder:

39.

Bur:

Florø.

Jobbar med:

Nattevakt i resepsjonen på byens beste hotell. Bloggar.

Sivilstatus:

Sambuar.

- Kva bok les du for tida?


- Howard Waldrop: «Dream Factories and Radio Pictures».

- Kva er den beste filmen du har sett?


- Umuleg spørsmål. Det er laga mykje god film og eg veit ikkje om eg klarar å koke det ned til berre ein. «Apocalypse Now», kanskje. Spør heller kva film som har gjort størst inntrykk på meg, og da må eg svare «Enter the Dragon», som eg så igjen og igjen i tenåra. Eller Peter Jacksons filmatisering av «Ringenes Herre». Men ingen av desse er jo strengt tatt spesielt gode filmar.

Hjorten smiler i skjegget av kultureliten og skal følgje med på TV-serien «House MD». (Foto: hjorthen.org)Hjorten smiler i skjegget av kultureliten og skal følgje med på TV-serien «House MD». (Foto: hjorthen.org)


- Kva CD vil du anbefale?


- Viss eg skal halde meg til kriteriet eg nemnde over her og anbefale noko som har gjort stort inntrykk på meg, så må det bli Bruce Springsteen og «Darkness on the edge of Town». Soundtracket til ungdomsåra?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Av nyare ting vil eg anbefale Tom Verlaines siste plate «Songs and other things». Som gitarist er Verlaine på ein eigen planet, det er nesten som om han speler eit anna instrument enn «konkurrentane» sine.

- Kan du nemne tre ord som du assosierer med kultur?


- Haha, her dalar eg nok ned på dei tunge, kjedelege assosiasjonane som skapar ufrivillige rykkingar i ansiktet til somme FrP'arar: Teater, bibliotek, museum. Kultur er vel eigentleg eit frykteleg kjedeleg ord?

- Kva vil det seie å vere kulturell?


- No byrjar det å bli vanskeleg her, skjønar eg. Alle menneske er vel kulturelle, anten vi går i operaen, drar på Quarten eller Dansebandfestivalen i Seljord. Eg gjer ingen av delane, forresten. Det er noko litt sånn snobbete over dette med kultur og kulturell. Eller kanskje heller litt anti-snobbete? Eg har ein liten ekstrajobb på kinoen, og det hender jo at vi ler litt av kultur-eliten som berre kjem på ein spesiell type filmar. Tullete eigentleg, vi ler jo ikkje av dei som berre går på kino kvar gong Bruce Willis spelar i ein ny film. Eller gjer vi det?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Brukar vi for mykje eller for lite pengar på kultur her i landet?


- Kanskje vi brukar sånn omtrent akkurat passe?


-Brukar du sjølv mykje pengar på kultur (konsertar, bøker, teater osb.)?


- Eg forbrukar mykje kultur, les mykje, ser ein del film, høyrer på musikk. Men eg vil vel ikkje påstå at eg bruker MYKJE pengar på det. Internett er jo ei genial oppfinning på kulturens vegne. Kanskje ikkje for dei som sit med opphavsretten, men for oss forbrukarar: Fantastisk!

- Viss du vart kulturminister, kva er den første saka du ville tatt tak i?


- Det første eg måtte gjort var vel å ominnreie kontoret mitt? Fjerne alle spor etter Trond Giske. Etter det hadde eg vel vore sliten, så då hadde det blitt eit par veker med ferie.

- Er det felt innan kulturen du ikkje kjenner, men som du kunne tenkje deg å bli betre kjend med?


- Åja, det er mykje eg ikkje har peiling på men er litt nysgjerrig på likevel. Biletkunst, klassisk musikk... Eigentleg det meste. Men som regel endar eg opp med å setje på ein horror-film i staden.


- Kva kulturperson kunne du tenkje deg å ha piknik med? Kva skulle de finne på, utanom å ete?


- Av hensyn til sambuaren min skal eg halde Ane Dahl Torp utanfor dette. Nei, eg ville vel eigentleg ikkje dratt på piknik med nokon kulturperson. Eg føretrekk å halde heltane mine på armlengds avstand, eg trur ikkje nødvendigvis at eg har så mykje å snakke med Tom Waits om, sjølv om eg likar musikken hans.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva yrkje innan kulturlivet kunne du tenkje deg å prøve?


- Det måtte ha vore forfattaryrkjet. Og apropos det: Arve Juritzen, viss du les dette: Kan du sjå til å få refusert ferdig manuset mitt og sende det i retur, slik at eg kan halde fram på den audmjukande ferda frå forlag til forlag?

- Er TV kultur eller ukultur? Er det nokre spesielle TV-program du følgjer med på?


- TV er TV. Eg er ikkje så glad i definisjonar som kultur (bra) og ukultur (søppel). Ikkje for at det ikkje finst søppel, det er mykje søppel på TV, men det betyr ikkje at TV i seg sjølv er søppel. Eg jobbar mykje på ugunstige tidspunkt, så eg ser ikkje så mykje på TV eigentleg. Heldigvis har vi Internett.

Eg er ein stor fan av «Veronica Mars», og digga «Carnivale» vilt og uhemma. Neste prosjekt er «House MD».


- Kva er spesielt for norsk kultur?


- For å svare på det spørsmålet måtte eg vel nesten visst kva som var spesielt med svensk, dansk og kinesisk kultur også? Eg har ikkje noko godt svar på det der, trur eg. Er det spesielt for norsk kultur at mange er så skeptiske til alt som luktar nettopp av kultur?

Arne Hjorth Johansen, alias Hjorthen, er ein av Noregs mest kjende og aktive bloggarar. I fjor vann hann Dagbladets Gullbloggkåring i kategorien «

open klasse»

.

Bloggen hans finn du her.



Tidlegare i Kultur-klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving