Kultur-klikk: Isaksen er ikkje redd for finkultur

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje så farleg om vi har kulturtilbod som ikkje vert brukt av alle, meiner Unge Høgre-leiaren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Namn:

Torbjørn Røe Isaksen

Alder:

28

Bur:

Oslo, men kjem frå Porsgrunn

Jobbar med:

Leiar i Unge Høgre og politisk redaktør i tidsskriftet minerva.

- Kva bok les du for tida?


- Nå er eg akkurat ferdig med «Heart of Darkness» av Joseph Conrad, og skal lese «Ut av Fatning», ei samtalebok med professor emiritus Asbjørn Aarnes.

- Kva er den beste filmen du har sett?


- Kjem an på kva humør eg er i, men eg elskar storslåtte drama, så «Braveheart» kjem høgt opp.

- Kva CD vil du anbefale?


- Akkurat nå den nye til The Roots, som skal ha konsert i Oslo i høst.

Leiaren av Unge Høgre har sans for både brei og smal kultur. (Foto: hoyre.no)Leiaren av Unge Høgre har sans for både brei og smal kultur. (Foto: hoyre.no)


- Kan du nemne tre ord du assosierer med kultur?


- Kulturuke er no eitt.

- Kva vil det seie å vere kulturell?


- Breidt forstått er det vel umuleg for eit menneske å ikkje vere kulturell i tydninga rotfesta i eit samfunn med sine tradisjonar, idear og verdiar.

- Av og til vert nok ordet brukt litt negativt om finkultur, men vi skal ikkje vere redde for å ha kulturtilbod som ikkje alle har lyst til å bruke. Tvert i mot.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Brukar me for mykje eller for lite pengar på kultur her i landet?


- Akkurat passe, men det er ikkje sikkert vi bruker pengane riktig.

- Brukar du sjølv mykje pengar på kultur (konsertar, bøker, teater osb)?


- Ja.

- Viss du vart kulturminister, kva er den første saka du ville tatt tak i?


- Alle stønadsordningane som sementerer kulturlivet i staden for å skape dynamikk og nye tankar.

- Er det felt innan kulturen du ikkje kjenner, men som du kunne tenkje deg å bli betre kjend med?


- Absolutt! Kulturpolitikken er svært fragmentert, og eg kunne godt tenkje meg å bli betre kjend med heile feltet. Kjenner best filmpolitikken, men sjølv der er eg ei novise.

- Kva kulturperson kunne du tenkje deg å ha piknik med? Kva skulle de finne på, utanom å ete?


- Eg kunne tenkje meg å ete kveldsmat med Anne Cath Vestly, så kunne ho lese bøkene sine for meg til eg sovna. Det hadde vore toppen av hyggje.


- Kva yrke innan kulturlivet kunne du tenkje deg å prøve?


- Eg tenkjer først og fremst på alle kulturyrka eg ikkje hadde hatt evner til å forsøkje, men det kunne ha vore morosamt å vere konsulent i Norsk Filmfond.

- Er TV kultur eller ukultur? Er det nokre spesielle TV-program du følgjer med på?


- TV er jo eit medium, og er vel verken kultur eller ukultur. Eg brukar TVen når eg skal sleppe å tenkje, og ser stort sett på dei amerikanske seriene som går seint på kvelden, som «Simpsons» og «Family Guy».


- Kva er spesielt for norsk kultur?


- Kombinasjonen av ein antiautoritær tradisjon og den sterke kollektivismen vår. Også brunosten da.
Tidlegare i Kultur-klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving