Ein god «deal»?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne laurdagen startar det nye gameshowet «Deal or no deal» på TV 2, der det gjeld å ha is i magen - og ein god porsjon flaks.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sturla Berg Johansen skal leie «Deal or no deal». Kvinnelege og mannlege modellar stiller som koffertberarar. (Foto: TV2)Sturla Berg Johansen skal leie «Deal or no deal». Kvinnelege og mannlege modellar stiller som koffertberarar. (Foto: TV2)

Programmet har tidlegare hatt stor suksess i andre land, sist på svensk TV 4.

Deltakarane i programmet treng ingen forkunnskapar. Her er det viktigare å ha flaks, is i magen og å vera ein ekte gamblar av natur.

50 øre eller 3 millionar


Ein deltakar får i byrjinga av programmet velja 1 av 26 koffertar, som må behaldast gjennom heile spelet.

Innhaldet i kofferten kan vera alt frå 50 øre til 3 millionar.

Etterkvart opnast ein og ein av dei resterande koffertane, som vil gi deltakaren ein peikepinn på innhaldet i sin eigen.

Tilbod frå banken


Kofferten kan seljast til banken, som undervegs vil tilby ein sum for kofferten. Takkar deltakaren ja til tilbodet, seier han frå seg retten til pengane i kofferten. Den blir då opna og innhaldet blir avslørt.

Klarar deltakaren derimot å motstå banken sitt tilbod gjennom heile spelet, får han til slutt innhaldet i kofferten.

Vart det ein bra eller dårleg «deal»?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Programleiar er Sturla Berg-Johansen, som er mest kjend som komikar, og som i utgangspunktet ikkje er så begeistra for gameshow. Han fortel at han blei svært fascinert då han fekk sjå den svenske versjonen av programmet.

- Dette var annleis enn alle andre gameshow eg har sett tidligare, og eg blei heilt riven med. For å vinne, krevst ingen kunnskapar, men derimot ein god porsjon flaks og is i magen, fortel han.

Sendetid

Gameshowet er i 12 episodar og startar no på laurdag klokka 20.00. Programmet varar i ein snau time.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving