Norsk film i vinden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norsk film står for 16 prosent av billettsalet på norske kinoar. Det er ein auke på fem prosent samanlikna med i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det vil seie at målsetjinga til kulturminister Trond Giske om 25 prosent marknadsdel for norske filmar slett ikkje verkar uoppnåeleg.

I fjor gjekk talet på selde kinobillettar ned med fem prosent, og fekk enkelte til å konkludere med at den internasjonale kinokrisa var komen til Noreg.

Men ifølgje tal som Dagsavisen har fått frå Filmweb, film- og kinobransjens IT-selskap, viser kinomarknaden klare teikn på snarleg betring. Fram til 31. august i år er det blitt selt 13 prosent fleire billettar på norske kinoar totalt. Norske filmar utgjer 16 prosent av kaka.

Ein av dei mest erfarne og prisløna filmprodusentane i landet, John M. Jacobsen, meiner kulturminister Giske likevel må tenkje annleis dersom vi skal nå målet om 25 prosent marknadsdel.

-Han må i så fall leggje til rette for at vi får fleire breie og annleis filmar. Dei norske filmane som kjem i dag er stort sett laga med dei same budsjettet, og handlar som regel om Oslo og ungdom, seier John M. Jacobsen til Dagsavisen.

Ei ramme på 12-13 millionar kroner er eit vanleg støttebeløp frå Norsk Filmfond.

- Vi er blitt kjempeflinke til å lage filmar i Noreg, med både gode regissørar og manusforfattarar. Men det er litt sånn godt norsk sosialdemokrati, der alle får litt og gjerne litt for lite til alle, seier Jacobsen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving