Kriminelle dagar i Førde

Ny kriminalbok av Gunnar Staalesen blir lansert i Førde til helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

(NPK): Det skjer under arrangementet «Heilt kriminelt - sunnfjordske krimdagar» frå 28. september til 1. oktober.

Justismord er hovudtemaet under krimdagane, dei første i sitt slag. Forfattarar som har skrive om justismord deltek på eit seminar om justismord og rettstryggleik. Ein av dei er Edvard Hoem, som dramatiserer Hetlesaka for Sogn og Fjordane Teater, og skal snakke om dette justismordet.

Privatetterforskar Tore Sandberg skal snakke om Fritz Moen-saka, og Fredrik Fasting Torgersen skal fortelja om sine røynsler med rettsstaten Noreg, etter å ha vore fengsla i 16 år for drap i 1958. Han har aldri tilstått, og ber no på eit lite håp om at saka hans blir teke opp att.

Pressedekkinga av Torgersen-saka er det cand.philol Camilla J. Juell ved medie og kommunikasjon på Universitetet i Oslo som skal snakke om.
Også Rune Timberlid, Atle Hansen og Gaute Losnegård lanserer nye bøker under dei kriminelle dagane i Førde.

Initiativtakar og styremedlem Judith Hegrenes seier at det er eit mål å auke interessa for lesing, mellom anna ved at publikum får møte forfattarar. Og nye forfattarspirer kan få ein sjanse til å koma i gang, ettersom det skal arrangerast ein novellekonkurranse for ungdomsskuleelevar og elevar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus