Kultur-klikk: Politikk og 24

Artikkelen fortsetter under annonsen

Senterungdommens Erlend Fuglum skulle gjerne gitt meir pengar til festivalar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Namn:

Erlend Fuglum

Alder:

28

Bur:

Oslo

Jobbar med:

Leiar for Senterungdomen

Sivilstatus:

Gift med Maria

- Kva bok les du for tida?


- Eg les ofte fleire ting på ein gong. Akkurat no les eg «The wolves of the Calla (Dark Tower V)» av Stephen King, Kjell Askildsen sine samla noveller... og utkastet til nytt ideologiprogram som vi skal handsame på landsmøtet vårt i november :-)

- Kva er den beste filmen du har sett?


- Eit umogleg spørsmål! Her får du forskjellige svar kvar gong du spør, alt etter humør, dagsform og anna ting... men akkurat i dag vil eg nok seie Ridley Scotts «Blade Runner». Eg anbefaler også «klimafilmen» til Al Gore. Det er langt i frå den beste filmen eg har sett - men eg trur det kan vere ein nødvendig vekkjar.

Erlend Fuglum har sans for mat, men likar nesten politikk enno meir. (Foto: Anfinn Bernaas)Erlend Fuglum har sans for mat, men likar nesten politikk enno meir. (Foto: Anfinn Bernaas)

- Kva CD vil du anbefale?


- For tida høyrer eg mykje på «O» av og med Damien Rice... og så er jo alltid live-CDen til Åge og Sambandet med på mp3-spelaren!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kan du nemne tre ord du assosierer med kultur?


- Begeistring. Fellesskap. Smil.

- Kva vil det seie å vere kulturell?


- Alle menneske er kulturelle. Kultur er å leve!

- Brukar me for mykje eller for lite pengar på kultur her i landet?


- Eg vil bruke meir pengar på kultur. Vi må investere også i sjelslivet.

- Brukar du sjølv mykje pengar på kultur (konsertar, bøker, teater osb)?


- Hmm... kva er «mykje» då? Eg brukar nok meir enn mor og far - men skulle gjerne hatt tid til å bruke meir.

- Viss du vart kulturminister, kva er den første saka du ville tatt tak i?


- Festivalstøtta! Meir til dei lokale initiativa.

- Er det felt innan kulturen du ikkje kjenner, men som du kunne tenkje deg å bli betre kjend med?


- Matkultur er viktig, og spanande. Den burde vi alle kjenne betre.

- Kva kulturperson kunne du tenkje deg å ha piknik med? Kva skulle de finne på, utanom å ete?


- Mikael Wiehe. Ein kar med ein politisk ståstad som står langt frå meg sjølv, men med ei fenomenal evne til å setje ting i eit solidarisk perspektiv. Me skulle diskutert politikk til maten blei kald.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva yrke innan kulturlivet kunne du tenkje deg å prøve?


- Eg veit ikkje om det kan kallast yrke, men eg vil spele trompet i blåserekkja i eit funky bluesband.

- Er TV kultur eller ukultur? Er det nokre spesielle TV-program du følgjer?


- TV er sjølvsagt både ein kulturform og ein kulturkanal. På grunn av vervet mitt rekk eg ikkje så mykje anna enn nyheiter - men eg er hekta på Jack og gjengen i «24».

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er spesielt for norsk kultur?


- All kultur veks ut av eit samfunn, ei tid, ein situasjon. Norsk kultur er sterkt knytta til norsk identitet, og gjer at vi kan kjenne oss igjen. Det er vanskeleg å setje fingeren på korleis dette kjem til syne heilt konkret. Men Åge Alkesandersen kunne aldri vore noko anna enn trønder og namdaling, for å seie det sånn!
Erlend Fuglum er leiar av Senterungdommen.
Tidlegare i Kultur-klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving