Potetgull og nytt sexliv

Artikkelen fortsetter under annonsen

I haust skal vi følgje seks norske par på vegen mot eit betre sexliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Desse tolv skal få ny piff i sengehalmen i haust. Blir det hyggjeleg eller kleint? (Foto: TV3)Desse tolv skal få ny piff i sengehalmen i haust. Blir det hyggjeleg eller kleint? (Foto: TV3)

På laurdagskvelden gir TV3 oss ein times underhaldning basert på sexlivet til seks vanlege norske par. Det er klart for første episode av «Sexskolen».

Smurt utover


Det byrjar å bli nokså daglegdags at folk lar privatliva sine bli smurt utover tv-skjermen, i bytte for litt berømming og hjelp med eitt eller anna. I Noreg er det no så mange realityseriar at det er nesten rart viss ein ikkje kjenner minst ein halvkjendis frå slankeskolen, sjekkeskolen, storebror, bondegarden, ryddeskolen, jakta på kjærleiken eller kva dei heiter alle saman.

No er det altså sexlivet som skal til pers. Nordmenn skal hjelpast til å få eit betre sexliv, og det i beste sendetid på laurdagskvelden. Vi andre meir eller mindre norske og normale par eller enkeltpersonar får sitje og kose oss med taco og pizza og late oss underhalde av folk som oss som prøvar å få opp piffen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Heia Tufte» var ein kjekk realityserie, der ein fekk sympati med deltakarane. Førstkommande tirsdag er det forresten klart for ny runde med Tufte på TV Norge. (Foto: TV Norge)«Heia Tufte» var ein kjekk realityserie, der ein fekk sympati med deltakarane. Førstkommande tirsdag er det forresten klart for ny runde med Tufte på TV Norge. (Foto: TV Norge)

Kjekt og ukjekt


Det finst kjekke og mindre kjekke måtar å lage reality på. Og nokre program er laga med eit føremål som er noko anna enn at deltakarane skal kome på TV og at vi skal få noko å gremme oss over.

I både «Heia Tufte» og «Sjarmørskolen» blei vi kjende med kjekke norske unge gutar som hadde noko dei ikkje fekk heilt til i livet. Desse seriane hadde kvalitetar som gjorde at ein fekk medkjensle og empati med deltakarane, ein kunne tenkje: «Så flinke og kjekke dei er! Å, sjå no får han det til.» Og når dei ikkje fekk det til, var dei flinke då og. Dei prøvde så godt dei kunne. Ein blei glad i deltakarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Har nokon nokonsinne blitt glad i nokon dei har sett på «Big Brother»? Det er kanskje ikkje vitsen med TV at ein skal bli glad i dei ein ser der heller, men det er noko med dei programma der ein kan føle sympati med karakterane. Det gjekk ikkje med «Big Brother».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Psykologen og sexspaltisten Kristin Spitznogle skal gi dei seks para praktisk og teoretisk klasseromsundervising gjennom ti program. (Foto: TV3)Psykologen og sexspaltisten Kristin Spitznogle skal gi dei seks para praktisk og teoretisk klasseromsundervising gjennom ti program. (Foto: TV3)

Kjemi


På sexskolen står kjemi på timeplanen i det første programmet. Psykologen og sexspaltisten Kristin Spitznogle skal gi dei seks para praktisk og teoretisk klasseromsundervising gjennom ti program. Utfordrande heimelekser blir det også, og til slutt skal dei sjølvsagt opp til sexamen.

Så får vi sjå då, om dette blir hyggjeleg og bra, eller berre pinleg og ekkelt. Vi kan jo i alle fall vere glade for at vi slepp å snakke om sexliva våre på skjermen sjølv. Men kven veit, kanskje vi også kan få til noko nytt og spennande i heimen etter å ha sett nokre veker på «Sexskolen».

Programmet byrjar altså klokka 22 på laurdag på TV3, og er ferdig klokka 23. Er du opptatt på laurdagskvelden, blir «Sexskolen» sendt i reprise søndag klokka 23.50.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving