Røyrleggjaren som blei stjerne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kurt Nilsen si suksesshistorie har langt i frå vore gratis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Skolenettet.no)(Foto: Skolenettet.no)

Klokka 21.40 på fredagskvelden serverer TV2 oss heile historia om røyrleggjaren frå Ytre Arna i Bergen som song og sjarmerte seg til statusen som idol for heile verda.

Tilfelle


Kurt Nilsen var røyrleggjar, men hadde alltid lyst til å drive med musikk. Han spelte fleire instrument og var med i bandet Fenrik Lane før han ved eit tilfelle dumpa borti Idol-konkurransen i 2003.

Vi som følgde med på Idol den gongen, skjønte med ein gong at her var det endeleg ein kar som kunne syngje. Han skilde seg klart ut blant dei meir usikre idolkameratane, og vann sjølvsagt den norske finalen i mai, med heile 53 % av stemmene.


Ein klar vinnar


Det var noko meir overraskande at han gjekk heilt til topps i den internasjonale finalen 1. januar 2004. I heile ti av av elleve deltakande nasjonar fekk Kurt topp-plassering, og dermed vann han klart foran den amerikanske favoritten Kelly Clarkson. Dette til tross for at den australske Idol-dommaren meinte at Kurt såg ut som ein hobbit og passa best på radio.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Hallelujah


Sidan har det som vi veit blitt mykje musikk på røyrleggjaren, som i det siste har gnagd øyregangane våre med den gamle Cohen-låten

Hallelujah

, som han spelar saman med gitarkameratane Espen Lind, Alejandro Fuentes og Askil Holm.

Ikkje gratis


Men stjernelivet har også kosta han dyrt. Kurt har måtta jobbe hardt for å bevise at han ikkje berre er eit idol men også ein musikar. Blant anna rauk forholdet til kjærasten gjennom 11 år på vegen til suksess.

I dokumentaren møter vi mange som har følgt Kurt Nilsen tett i de turbulente og travle åra frå han slo igjennom i Idol. Av bandkollegane frå Fenrik Lane får vi høyre kor tilfeldig det var at Kurt hamna innom Idol, og finansmannen Idar Vollvik fortel om då Kurt erta på seg verdsstjerna Bryan Adams under konserten på Brann Stadion.

Programmet varer til klokka 22.10.

Les meir om Kurt i Neste Klikk:

Meir Kurt på nettet:

  • Ei fan-side finn du her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving