Fokus på fjortisfylla

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kor mykje drikk ungdommen? Kvifor drikk dei? Og gjer det noko at dei drikk?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor drikk norske ungdommar no dobbelt så mykje som for ti år sidan? Kva kan vi gjere med det?Kvifor drikk norske ungdommar no dobbelt så mykje som for ti år sidan? Kva kan vi gjere med det?

Søndag kveld klokka 20.00 sender TV Norge den britiske dokumentaren Fjortiser på fylla (Britain's Youngest Boozers). Drikking blant mindreårige er eit aukande problem i Storbritannia.

Meir enn 50% av 15-åringane misbruker alkohol kvar veke, og slik hamnar britane på europatoppen innan ungdomsfyll.

Ikkje ukjent


Vi er ikkje heilt ukjende med ungdomsfylla her på berget heller. I fjor haust sette Sosial- og helsedepartementet igang kampanjen

Tør å sette grenser

, retta mot foreldre og barn. Bakgrunnen var at norsk ungdom i dag drikk omlag dobbelt så mykje som dei gjorde for ti år sidan.

Eit av måla for kampanjen var å gjere foreldre meir medvitne om kor mykje, kva og korleis ungdommen drikk. Det var også fokus på å gjere foreldra klar over kor viktige dei er som rollemodellar og grensesetjarar.

Tragedie


I dokumentaren møter vi altså britiske ungdommar og foreldra deira, og vi får sjå kva alkoholen har gjort med liva til enkelte av dei.

Ei mor fortel den hjerteskjærande historia om korleis ein kveld på byen endte i ein tragedie for tenåringen hennar. Programmet varar til klokka 21.30

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving