Katta er på nett

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag fekk katten til Ivar Aasen sin eigen nettstad. På eit vis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Presis klokka 11 i dag opna tunkatten.no med stor ståhei på Aasentunet i Hovdebygda på Sunnmøre.

Men kva katt er det som har fått ein heil nettstad å boltre seg på? Snakkar me verkeleg om katten til Ivar Aasen?

Slik ser kunstnaren Monica Egeli for seg at tunkatten ser ut. (Ill: Aasentunet)Slik ser kunstnaren Monica Egeli for seg at tunkatten ser ut. (Ill: Aasentunet)

Nevøen til Ivar


- På sett og vis, seier ei lattermild Marit Neergaard. Ho er formidlingsleiar på Aasentunet, og ho kan fortelje litt meir om samanhengen mellom Ivar Aasen og katten.

Då Aasentunet vart bygd hadde det seg nemlig slik at folk ein dag såg pote-spor etter ein katt i betongen. Katten hadde nok vore på ferde før sementen hadde tørka og slik fekk han sett varige spor etter seg.

- Men det kunne vel ikkje vore Ivar Aasen sin katt?
- No er det altså slik at nevøen til den gamle Ivar Aasen bur her rett ved tunet. Han heiter også Ivar Aasen - og han har ein katt!
- Aha! Så det er altså den Ivar Aasen sin katt som har sett spor etter seg i betongen, då?
- Det veit me ikkje sikkert, seier Neergaard. - Men me vel no å tru det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå Sunnmøre til Baskerville


I 1996 gav Ragnar Hovland ut diktboka «Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville». Saman med gruppa Dei Nye Kapellanane laga Hovland også ein song om nettopp Ivar Aasen og katten hans.

Det har altså vore fleire kattereferansar å hauste av for folka på Aasentunet når dei har utvikla tunkatten.no.

Moderne litteratur


Men så langt om pusekattar. Kva skal denne nettstaden handle om?
- Her på Nynorsk kultursentrum på Aasentunet har me hatt lyst til å gjere meir for barna, og då spesielt med fokus på den nynorske barnelitteraturen, seier formidlingsleiaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho fortel at dei lenge har opplevd at vaksne folk gjerne vel å presentere barna sine for den litteraturen dei hugsar frå då dei sjølve var små.
- Det er heilt fint, det, men det er så utruleg mykje bra moderne litteratur også. Den ønskjer me at borna skal bli betre kjend med.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Osland og Parr


Ein måte å treffe litteraturen på er eit lydbokbibliotek kor barna kan høyre utdrag frå lydbøker, og på den måten kanskje få eit ønskje om å bli betre kjende med heile boka.
- I tillegg kan barna prøve seg på ulike quiz'ar, ein kan løyse kryssord og delta i ein diktverkstad, og det skal vere ein føljetong kor ulike forfattarar bidreg, held Neergård fram.

Ho kan avsløre at det er Erna Osland som skal opne føljetongen, og etterpå skal stafettpinnen overrekkjast til Maria Parr.

Revolverjournalist


- Får barna møte sjølve tunkatten etterkvart?
Jauda, tunkatten, han er faktisk revolverjournalist på si, kan Neergård fortelje. Og han skal intervjue kjendisar og grille dei med spørsmål dei garantert ikkje har fått tidlegare.

Kan ho røpe kva kjendisar det her er snakk om?
- Eg trur no i alle fall at katten har snakka med Tone Damlie Aaberge frå Idol, seier Neergaard.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kattespor


No har me altså funne utat både katten til nevøen til Ivar Aasen og katten som Ragnar Hovland har skrive og sunge om har vore inspirasjonskjelder til tunkatten. Kva med katten i Olav H. Hauge sitt dikt, katten som sit i tunet og som er varast på garden. Høyrer han heime her?

- Heilt klart. Det er mange kattespor å finne i litteraturen. Mange av desse har vore med og gjeve oss inspirasjon til tunkatten.no, avsluttar Marit Neergård.

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
(Olav H. Hauge, Noregs boklag, 1966)

Meir kultur:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving