Verdas mest forelska par på scena

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjærleik på kommando, sjalusi og sterke kjensler: Det blir varmt på teatret i haust.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis går det når kommunestyret bestemmer at eit kjærastepar skal vere med i meisterskapen for pludring og romantikk? Det får me vite når Det Norske Teatret syner «Verdas mest forelska par».

Kjærastepar som nesten ikkje gidd gjere anna enn å vere forelska: Morten Espeland og Kirsti Stubø som Bidger og Esmiluni. (Foto: Det Norske Teatret)Kjærastepar som nesten ikkje gidd gjere anna enn å vere forelska: Morten Espeland og Kirsti Stubø som Bidger og Esmiluni. (Foto: Det Norske Teatret)


Forelska på kommando


Her møter me Bidger og Esmiluni som er så forelska at dei nesten ikkje orkar å gjere noko som helst. Dei greier så vidt å jobbe litt i julepyntbutikken i heimbygda Bløygen.

«I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka.»

For å få merksemd om bygda si, melder kommunestyret dei to på til ein romantikkonkurranse. Men det blir ikkje berre enkelt for Bidger og Esmiluni å førebu seg til den, for her er mange skjær i sjøen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er nemleg ikkje lett å vere forelska og vise kjensler på kommando. Dessutan får Bidger ein rival i Bjørn Diesel som også er forelska i Esmiluni.

«Men i Bløygen budde òg Bjørn Disel. Han hadde ein stor draum i verda: At det var han som skulle bli kjærast med Esmiluni.»

Bjørn Diesel (Pål Sverre Hagen) vil også vere med å kjempe om kjærleiken. (Foto: Det Norske Teatret)Bjørn Diesel (Pål Sverre Hagen) vil også vere med å kjempe om kjærleiken. (Foto: Det Norske Teatret)

Kjende namn


Framsyninga dreier seg rundt bygda Bløygen og Rune Belsvik sine karakterar frå bøkene om Dustefjerten. Morten Espeland og Kirsti Stubø speler hovudrollene som Bidger og Esmiluni.

I andre roller finn me mellom anna Pål Sverre Hagen, Ane Dahl Torp og Iren Reppen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Prisvinnar


Rune Belsvik er 50 år og har skrive bøker i heile sitt vaksne liv. Småbarnsforeldre kjenner han nok best som mannen bak bøkene om Dustefjerten, men han har og skrive mange romanar og forteljingar for ungdom og vaksne. Fleire av bøkene hans har blitt sett opp som skodespel og dokketeater.

Opp gjennom åra har Belsvik fått mange prisar, mellom anna fekk han Brageprisen og Nynorsk litteraturpris for «Ein naken gut» i 2000. I 2001 fekk han Kritikerprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok for «Verdas mest forelska par».

Framsyninga «Verdas mest forelska par» har urpremiere på Det Norske Teatret 7. september.

Det Norske Teatret

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving