Einsam tøffing

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kåre Conradi spelar Roald Amundsen i den fantastiske historia om jakta på Nordvestpassasjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Polarhelten Roald Amundsen blir spela av vår eigen Kåre Conradi. (Foto: Channel 4 International)Polarhelten Roald Amundsen blir spela av vår eigen Kåre Conradi. (Foto: Channel 4 International)

Laurdag klokka 15.15 sender NRK1 den britiske dokumentaren «Jakten på Nordvestpassasjen».

Den 400 år gamle draumen om å finne ein sjøveg mellom Atlanterhavet og Stillehavet nord for det amerikanske kontinentet, hadde kosta uendeleg mykje slit, pengar og mange menneskeliv før Roald Amundsen og mannskapet hans endeleg greidde det i 1906.

To stolte skip


60 år før hadde Sir John Franklin leia den best utrusta ekspedisjonen til då. To stolte skip med 129 menn reiste avgarde mot arktisk Canada med blant anna 8000 hermetikk- boksar og 3000 bøker i lasta.

Folk trudde dei skulle greie det ganske kjapt, og vi ser ein av mannskapet uttale at han håpar det i alle fall skal bli ei overvintring i isaudet. Ingen av dei 129 kom nokon gong tilbake, fleire leiteekspedisjonar lukkast ikkje i å finne dei, og ekspedisjonen var lenge eit stort mysterium.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Amundsen brukte mykje tid på å lære seg korleis ein skulle leve i arktis av dei som levde der. (Foto: Channel 4 International)Amundsen brukte mykje tid på å lære seg korleis ein skulle leve i arktis av dei som levde der. (Foto: Channel 4 International)

Ein liten gut


Roald Amundsen las om Sir John Franklin og ekspedisjonen hans allereie som liten gut, og bestemte seg for at han skulle finne Nordvest- passasjen.

Den draumen heldt han på, og då han var 30 år var han klar til å gjennomføre det som var rekna som den farlegaste og vanskelegaste av alle ekspedisjonar. Han fann ut at ein mindre båt ville ha større sjansar for å greie seg gjennom råkar i isen. Hardangerjakta Gjøa blei kjøpt og karane dro avgarde med mistru og kreditorar i hælane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Amundsen sjølv var ein einsam helt. Han gifta seg aldri. (Foto: Wikipedia)Amundsen sjølv var ein einsam helt. Han gifta seg aldri. (Foto: Wikipedia)

Lytta til erfarne polarfolk


Mannskapet til Amundsen var sett saman av Helmer Hanssen, Anton Lund, Peder Ristvedt, Gustav Juel Wiik og kokken Adolf Henrik Lindstrøm.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blei som venta ei farefull ferd, men Amundsen passa på å høyre på erfarne polarfolk, og han tilbrakte også mykje tid saman med inuittar på vegen mot målet sitt.

Dei lærte han mykje om korleis ein overlever i det tilsynelatande kalde og livlause Arktis.


Draumen gjekk i oppfylling


Denne lærdommen var nok ein av grunnane til at Amundsen greidde det så mange hadde prøvd utan å greie det.

Etter tre år kom dei, for hundre år sidan i desse dagar, ut i ope hav og møtte eit amerikansk skip. Guttedraumen hadde gått i oppfylling, og Amundsen blei ein helt.

Ein einsam helt


I dokumentaren møter vi blant andre historikaren Tor Bomann-Larsen som engasjert fortel om Amundsen sitt heltemodige og einsame liv. Amundsen blir spela av Kåre Conradi, og Gjøa vert spela av hardangerjakta Mathilde frå 1884, som er den båten i verda som liknar mest på Gjøa.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving