Ei badstove full av taterar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Taterane er sinte på Otto Jespersen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Otto Jespersen som Barron Blod. (Foto: Ottojespersen.com)Otto Jespersen som Barron Blod. (Foto: Ottojespersen.com)

(NPK): Taterane er sinte på Otto Jespersen. Grunnen er at komikaren har planar om eit TV-innslag frå Finnskogen der han skal finne ut kor mange taterar det er plass til i ei badstove. Jespersen har tidlegare gjort det same med samar og pakistanarar.

- Det at han har gjort det same med andre minoritetar tidlegare, betyr ikkje nødvendigvis at det han gjer, er rett. Han heng ut svake grupper, og det vil vi ikkje vere med på, seier leiaren i landsforeininga til taterane, Holger Gustavsen til avisa Glåmdalen.

Ein av Noregs mest kjende taterar, artisten Elias Akselsen seier til VG at Jespersen hersar med folk, og at taterane har blitt hersa med nok opp gjennom åra.

Otto Jespersen sjølv vil ikkje kommentere saka eller utspelet til Akselsen.
TV2, som sender Jespersen-programmet «Rikets Røst», skal likevel ha funne ei gruppe med taterar som er villige til å vere med på stuntet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving