Ikkje hand i hand

- Det er ein utopi å tru at ein kan nytte den same integreringsstrategien på bygda som i byen, hevdar leiar i Noregs Ungdomslag, Gunhild Berge Stang.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I sommar vedtok årsmøtet til ungdomslaget ei fråsegn kor dei utfordrar regjeringa til å kome med ein eigen integreringsstrategi for innvandrarar i distrikta. Men er dette verkeleg noko Noregs Ungdomslag skal stelle med?

- Å tru at alt som funkar i byen også funkar på bygda, er ein utopi, hevdar leiar i Noregs Ungdomslag, Gunhild Berge Stang. (Foto: Noregs Ungdomslag)- Å tru at alt som funkar i byen også funkar på bygda, er ein utopi, hevdar leiar i Noregs Ungdomslag, Gunhild Berge Stang. (Foto: Noregs Ungdomslag)

Lite distriktsvenleg


- Me jobbar jo for å løfte fram det me reknar som vår hovudarena, nemleg lokalsamfunnet. Skal me utvikle lokalsamfunna må me og ta inn over oss og inkludere den samansetjinga befolkninga består av, seier Berge Stang.

Sjølv har ho erfaring frå integrerings- arbeid frå jobben som kultursjef i Bremanger kommune.

- Der opplevde eg at i den grad me vart tilført kompetanse på integrering, så var den svært lite eigna for småstadsmiljø. Strategiar og opplegg var stort sett bytilpasssa.

Ikkje det same


Til dømes kunne dei søkje midlar frå UDI for å starte ulike integrerings- prosjekt som temagrupper, kvinnegrupper og arbeidsgrupper.

- Men korleis kan du starte slike grupper i ei bygd kor innvandrargruppa består av tre kvinner, fire menn og eit barn? spør ungdomslagsleiaren retorisk.

Svaret meiner ho er å satse offensivt på integreringsarbeid på bygdene sine premissar. Og då må kulturinstitusjonane på bana.

- På bygdene er korpset, dugnadar og basarar dei naturlege arenaene for sosialisering.


Ønskjer statleg pålegg


Noregs Ungdomslag har engasjert seg i integreringspolitikken. Dei ønskjer at regjeringa skal tenkje nytt når det gjeld integrering på bygda. (Ill: niace.org.uk)Noregs Ungdomslag har engasjert seg i integreringspolitikken. Dei ønskjer at regjeringa skal tenkje nytt når det gjeld integrering på bygda. (Ill: niace.org.uk)

Då departementet i sommar blei spurde om kor vidt dei bør påvirke kultur- institusjonane å drive integreringsarbeid, svara departementsråden til NRK P3 at det måtte vere kulturorganisasjonane sjølve sitt ansvar. Gunhild Berge Stang er ikkje enig.

- Staten oppmoda i si tid Røde Kors om å drive integreringsarbeid, og det arbeidet spreidde seg etter kvart til lokallaga.

Noregs Ungdomslag meiner det er viktig å ta lærdom av dette og at staten er med og stimulerer kulturinstitusjonane til å aktivt bidra til at innvandrarane blir integrerte.

Berge Stang understrekar at samhandling mellom staten og kulturinstitusjonane som er vel så viktig som økonomiske løyvingar.

- Slik kan me finne dei gode løysingane.

Medmenneskeleg


Men trur ungdomslaget at det nyttar? Veit ein noko om korleis innvandrarar smeltar inn i små lokalsamfunn?

Berge Stang fortel at ho deltok i ein radiodebatt i sommar kor representantar frå innvandrarmiljø kom med følgjande innspel: Faren for å hamne utanfor lokalsamfunnet er nok gjerne større på bygda kor innvandrarane ikkje har eit nettverk av folk frå same land som dei sjølve i same grad som i byen.

- Det viser seg likevel at dei som blir integrert i dei små lokalsamfunna, blir langt meir integrerte enn dei som smeltar inn i bysamfunna, fortel Berge Stang.

Ungdomslagsleiaren understrekar at dei ikkje meiner at kultur- institusjonane skal opptre som støttekontaktar for innvandrarar på bygdene.

- Det handlar først og fremst om integrering på eit medmenneskeleg plan, om å møte andre som menneske og vener, ikkje som innvandrarar.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy